nyhende
Skreiv seg inn i lokal fotballhistorie
Sveio-spalar Martin Sydnes (21) sine fire mål på seks minuttar måndag kveld skriv seg inn i fotballhistoria på Haugalandet. — Ein fantastisk prestasjon, seier den røynde sportsjournalisten Odd Kåre Grøttland i Haugesunds Avis.
Ein som kjenner lokalfotballen betre enn dei fleste er Haugesunds Avis sin sportsjournalist Odd Kåre Grøttland. Han har ikkje høyrt om nokon som har skåre fire mål på seks minuttar på Haugalandet før.
— Eg har ikkje høyrt om det, og et tvilar på at det har skjedd før, seier han til Vestavind.
Han presiserer at det skjer mykje rart i lågare divisjonar, og at han ikkje fangar opp alt.
— Men det er ein fantastisk prestasjon av Sydnes, understrekar han.
Han har også kika litt i arkivet.
— Det nærmaste eg har funnet er Sebastian Lie Haaland som skåra tre mål på 2 minuttar og 54 sekunder for Djerv 1919 i ein 3. divisjonskamp mot Stord i mai i år, fortel han.
Ingen veit nøyaktig
Vestavind har forsøkt å finne ut nøyaktig kor raskt Martin Sydnes sine mål vart skåra. Det har vist seg å vere vanskeleg.
Ingen skal ha merka seg nøyaktig tid mellom måla. Og ingen filma kampen, så ein kan heller ikkje på den måten finne ut nøyaktig kor fort måla kom.
— Det gjekk veldig raskt, stadfestar kampens dommar, Leif Petter Mortveit frå Skjold IL.
Heller ikkje han har ikkje nøyaktig fasit, men stadfestar at han går god for speleminutta som Sveio-benken hadde notert.
— Eg noterer målskårarar på det som jo nærmast er ein post-it-lapp under kamp, og konfererer med lagleiarane etterpå, forklarar han.
Dommaren imponert
Mortveit legg til at han såg at motstandaren, Stegaberg-2, hadde store problem med å få has på Sveio sin 21-åring, som dommaren rosar.
— Han var teknisk god, og kunne ha skåra fleire mål, seier han.
Dommaren let seg imponere.
— Me dommarar har jo ikkje lov å heie på nokon, men me kan likar når me ser gode prestasjonar, seier han.
Mortveit har dømt kampar i 6. og 7. divisjon i 12 år, og legg til at det ofte er slik i lågare divisjonar at spelarar som er litt betre enn dei andre ofte kan briljere. Men fire mål, og hat-trick på så kort tid, kan den røynde dommaren ikkje minnast.
Kan ikkje minnast liknande
Spelande hjelpetrenar i Sveio IL, Aaasmund Bakke Handeland, har spelt i Sveio i meir enn 10 sesongar. Han kan ikkje hugse å ha sett ein spelar banke inn så mange mål på kort tid, som Martin Syndes gjorde måndag kveld.
Han hugsar fleire målkåte angrepsspelarar i Sveio-trøya, men han meiner at ikkje eingong målmaskina Johannes Husebø gjorde noko tilsvarande i si tid for raudstrøyene.