nyhende

Bømlafjordtunellen Stord-sida
Bømlafjordtunnelen, arkivfoto.

Skrapa fjellveggen i Bømlafjordtunnelen

Torsdag morgon kom eit vogntog borti fjellveggen i Bømlafjordtunnelen.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 05.19 fekk politiet ei melding om at noko hadde hendt med eit kjøretøy i Bømlafjordtunnelen.

Vaktsjef ved Haugesund politistasjon Håkon Tornes fortel at det var snakk om eit vogntog. Ifølgje meldinga hadde det vore borti fjellveggen inni tunnelen.

— Det viste seg å vera noko med tilhengaren til vogntoget. Det var akslingen som forårsaka uhellet, seier Tornes.

Heldigvis vart det ikkje ei alvorleg hending.

— Det var ikkje verre enn at vogntoget kunne køyra vidare og byta aksling. Og det var ikkje noko skade på korkje person eller tunnelen, seier Tornes.

Sjåføren kom køyrande sørover i retning Sveio, og var på veg i frå Mongstad til Tananger.

— Det gjekk i likaste laget, seier Tornes.

Powered by Labrador CMS