nyhende
Skodde forseinka landing
Eit fly frå flyselskapet DAT sirkla over Sveio i fleire lengre periodar tysdag.
Flyet var på veg frå Oslo til Stord, får me vita ved Stord lufthamn. På grunn av skodde over flyplassen på Sørstokken, blei det sirklande over Sveio i påvente av ein opning til å koma ned. Til slutt valde pilotane å dra vidare til Fleslad, men returnerte etter ei tid for eit nytt landingsforsøk. Etter nye rundar over Sveio lukkast dei til slutt. Passasjerane nådde reisemålet sitt, rett nok ei god stund etter oppsett ruteplan.