nyhende
Skodd for suksess
Aurlandsskoen har overlevd både krig og knallhard konkurranse. Kanskje er suksessoppskrifta ein kombinasjon av kvalitet og staheit – og at skorne var ein slags forløpar til sjekkeappen Tinder?
– På det meste var det 18 skoprodusentar og rundt 100 skomakarar berre i Aurland. I dag er me faktisk den einaste skoprodusenten som er att i heile Noreg.
Produksjonsleiar Roger Skjoldal slår ut med armane og nikkar mot maskinene rundt oss. Her, i kjellaren på det som frå utsida ser ut som eit heilt ordinært bustadhus på Vangen i Aurland, blir det produsert opp mot 4.000 par i året av den tradisjonsrike Aurlandsskoen.
I tillegg til bestseljaren Wangen; originalen i lyst skinn med ein tiøring som pynt i tverrbjoren, har verksemda dei siste åra utvida sortimentet med ein meir eksklusiv modell kalla Buxton.
– Wangen er kvardagsskoen, eller tøffelen om du vil, medan Buxton er mykje meir elegant. Han har blant anna lågare sole og forsterka tåkappe, og er blitt ettertrakta til dress. Mange brukar han og som bunadssko, forklarar Skjoldal, som sjølv er iført tøffelvarianten.
Over same leist
Aurlandsskoen som me kjenner han i dag, vart skapt av Nils Tveranger tidleg på 1930-talet. Han vart fødd i Solund, men etablerte seg seinare i Aurland.
Skomakarfaget lærte Tveranger derimot i USA. Då han vel heime att utvikla det som den gongen vart kalla den norske nasjonalskoen, blir det hevda at han var inspirert av mokasinane til dei amerikanske Iroquois-indianarane.
Somme meiner derimot at Tveranger like gjerne kan ha late seg påverke her heime. Gamle tesesko, eit enkelt og også mokasinliknande fottøy, vart nemleg framleis brukt av folk i Aurland då Tveranger starta som skomakar på 1900-talet.
Langreist lêr
Samla er dei i dag seks tilsette som handlagar kvart einaste skopar i Aurland. Dei har alle dedikerte oppgåver i produksjonen, forklarar Skjoldal, og stoppar ved ei maskin der det heng tett i tett med metallformer i ulike storleikar på veggen bak.
Her blir lêret stansa ut, fortel han, før han peiker mot rullane med skinn i hyllene bortanfor og ristar litt vemodig på hovudet:
– I det meste av tida Aurlandsskoen har eksistert, er han blitt sydd med kortreist lêr frå Borge Garveri på Osterøy. No har også dei lagt ned, og det finst heller ingen andre garveri att i Noreg. No må me difor importere skinn frå Tyrkia.
– Heldigvis heldt også det høg kvalitet.
Livstidsgaranti
Ein sko består av sju utstansa skinndelar, og på stasjonen ved sida av blir dei fleste av lêrdelane pinna fast på ein leist i rett storleik.
På den neste stasjonen sliper dei lêret under innersolen flatt. Etter det er det ein annan som limer på yttersolen, før nye hender festar den såkalla dekksolen i skoen.
Heilt til slutt blir alle lause trådar brent av, og kvar sko nøye kontrollert.
– Skomaking er tidkrevjande arbeid, og vi er og skal vera kjende for kvalitet. Difor skal det veldig små feil til før vi vrakar eit par. Dei sel me i staden rimelegare i fabrikkutsalet oppe, seier Skjoldal og legg til:
– Du veit, med rett vedlikehald, bør eit par Wangen vare i minst fire-fem år. Om saumen skulle gå opp eller solene losne, tilbyr me gratis reparasjon livet ut som ein del av garantien.
Tur retur USA
Uansett opphav, vart Aurlandsskorne raskt populære då dei kom på marknaden første gong. Så populære, at også den amerikanske skomakaren George Henry Bass beit seg merke i dei då herremagasinet Esquire trykte eit bilete av nordmenn iført fottøyet.
Alt i 1936 lanserte difor Bass sin eigen skotype kalla Weejuns (substantivet weejun var ei omskriving av ordet Norwegian). I staden for ein norsk tiøring, pynta Bass kolleksjonen sin med ein amerikansk penny, og med det var også den trendy Penny Loafer’en fødd. Så om den norske skoen verkeleg var designa etter modell frå nordamerikanske indianarsko, gjekk altså den same inspirasjonen raskt i retur over dammen.
Konkurransen var likevel ikkje større enn at Aurlandsskoen vart eksportert i store tal over dei neste tiåra. Til Storbritannia, Canada og USA, og til Danmark, der han raskt fekk tilnamnet norsk byttesko. At mange kvinner på 60-talet kvitta seg med høghæla sko, gjorde Aurlandsskoen til noko så sjeldan som ein motesko for begge kjønn.
Historiske spor
I dagens konkurranseutsette marknad, er det likevel ikkje sjølvsagt at Aurlandsskoen har overlevd, konstaterer Roger Skjoldal.
Han legg ikkje skjul på at dei er stolte over framleis å vera i drift, og meiner noko av forklaringa er evna til omstilling. I tillegg til den eksklusive modellen Buxton som blir laga i ulike fargar og skinntypar, har verksemda dei siste ti åra også produsert handsydde skinnvesker med noko yngre kundar som målgruppe.
Originalmodellen Wangen får også regelmessig ein make-over for å hengje med i tida:
– No produserer me også Aurlandsskoen i moderne fargar, og i år er det turkis, lilla, rosa og grøn som gjeld. Kvar gong me kjem med nye fargar, fjernar me og nokre tidlegare motefargar for at sortimentet ikkje skal bli for stort, seier Skjoldal, som er ferdig med omvisinga og stegar opp trappa til første etasje.
Tiøring som Tinder
– Guarda! Bellissima!
I fabrikkutsalet oppe plingar det i kassaapparatet og summar av ei busslast med begeistra italienarar som har shoppingstopp på vegen vestover. Trass i mange utanlandske turistar og eksport til mellom anna USA, Tyskland, England og Italia, er det likevel nordmenn som framleis utgjer den største kjøpargruppa.
– Me har overraskande mange trufaste kundar. Dei handlar ikkje berre sko; dei sender oss også haugar med tiøringar som dei har samla. Ofte ser me at summen dei har betalt i frakt utgjer meir enn verdien på tiøringane, seier Skjoldal og humrar.
For ja sjølvsagt; kvart einaste par med Aurlandssko blir framleis levert med ein tiøring i kvar tverrbjore. Historia om kva tiøringane betydde, er det truleg ikkje så mange som kjenner lenger. Visste du at somme meinte du måtte ha fast følgje om du skulle ha mynt i begge skorne, medan mynt i berre ein sko signaliserte at du var ledig på marknaden?
Viktig del av historia
Roger Skjoldal anar ikkje om soga er sann. God merkevarebygging er ho uansett – og det er merkevara bygd gjennom hundre år dei framleis lever av her på Vangen:
– Me er jo fullt klar over at ein kan få kjøpt likande sko som er produsert utanlands og som berre kostar nokre hundrelappar. Dei har sjølvsagt ikkje same kvalitet, men somme ser berre på kva dei må betale der og då. Difor har det aldri vore berre pengane som driv oss.
– Aurlandsskoen er også ein svært viktig del av historia vår.