nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.
Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.

Skjermar eldreomsorg for straumkutt

Rådmann Ingunn Toft seier dei vil stadig gjere nye vurderingar på kvar kommunen kan spare straum, men at grensa går ved busentere for eldre. — Det skal ikkje gå utover tenestekvalitet eller brukarane våre, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje berre lokale verksemder som råkast av den kraftige auken i straumprisar.

Også kommunen gjer sitt for å spare på utgiftene.

— Vi går i takt med samfunnet og tenker på kor mykje straum vi bruker, og kor mykje vi faktisk behøv, seier den konstituerte rådmannen.

For ho, og leiinga i mange andre kommunar landet over, kan det verte eit vanskeleg dilemma å velja kvar dei skal kutte straumforbruket, og kva dei vel å spara.

— Alle offentlege bygg kan gjere tiltak, men nokre kan gjere meir enn andre seier Toft.

Grensa er eldreomsorg

Ho er tydeleg på kva dei vel å skjerma, sjølv om straumprisen skyt i veret.

— Busentere skal vi ikkje skru ned straumen på. Det skal ikkje gå utover tenestekvaliteten eller brukarane våre, seier ho.

Kommunen vil så langt heller ikkje skru ned temperaturen i klasserom på skulene.
Dei kjem til å sjå an situasjonen etterkvart som hausten og vinteren kjem.

— Vi avventar statlege signalar om straumstønad. Vi ser jo utfordringane både små og store bedrifter går i møte i form av straumrekningar, seier Toft.

Internt gjer kommunen en innsats for å redusere forbruket, men dei har ikkje satt noko konkret mål.

Haldningsarbeid

Både enkelttiltak som å skru av lys eller senke varmen, og haldningsarbeid blant tilsette med straumsparing i kvardagen.

— Vi har fokus på energisparande tiltak i alle nyare bygg, seier ho.

Blant anna peker Toft på sentralanlegget på kommunehuset som kor varmepumper er hensiktsmessig.

— Vi klarar å handtere nivået straumprisane ligg på i dag. Vert det mykje høgare må vi gjere nye vurderingar, seier Toft.

Får utbytte

Sveio kommune eig 3,91 prosent av Haugaland Kraft, og vil nyte godt av eit ekstraordinært utbytte.

Men, det er ikkje reint så enkelt som det høyrast ut meiner Toft.

— Når folk i Sveio får høgare kostnader gjer kommunen det også, både med egen straumrekning og høgare sosialutgifter, seier ho.

Eit utbytte vil dermed ikkje nødvendigvis gje mykje ekstra penger til kommunen som kan brukast på nye ting.

— Vi kan ikkje draume oss bort i det før vi veit, seier Toft.

Men ho legg til at kommunen ynskjer ekstraordinært utbytte velkomen.

Dei komande vekene vil kommunen gå meir grundig i gjennom alt dei kan gjere.

Powered by Labrador CMS