nyhende

Jan Enerstvedt er leiar for pårørandeforeininga i Sveio.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Jan Enerstvedt er leiar for pårørandeforeininga i Sveio.

Skeptisk til høgare terskel for sjukeheimsplass

Leiar for pårørandeforeininga Jan Enerstvedt er bekymra for at kommunen foreslår høgare terskel for å få sjukeheimsplass. — Skal man heva grensa er det ikkje bra i det heile tatt, seier Enerstvedt.

Publisert Sist oppdatert

Jan Enerstvedt er uroa for kva prioriteringar kommunen foreslår å gjere innan eldreomsorg.
Som leiar for pårørandeforeininga vil han berre det beste for dei eldre, samstundes som han har forståing for at det vert eit vanskeleg budsjett for kommunen.

— Me har vore klar over at det er ein stram økonomi, seier Enerstvedt.

Han har lest administrasjonens framlegg til budsjett og håpar dei ser at terskelen er høg nok frå før.

— Høgare terskel er eg veldig skeptisk til. Folk opplev det vanskeleg allereie å få plass, så skal man heve grensa er det ikkje bra i det heile tatt, seier Enerstvedt.

For lite pengar

Ut i frå budsjettforslaget meiner leiaren at han kan sjå at kommunen sjølv ser det er for lite pengar i eldreomsorga.

— Eg ser at rådmannen har foreslått å auke ramma med 4,5 millionar kroner. Det ligger jo implisitt at dei som har jobba med budsjettet ser at det er ein underbudsjettering, og det har det vore i mange år, seier Enerstvedt.

I budsjettforslaget kom det fram at den siste tida har det vore 40 bebuarar på omsorgsenteret, men noverande økonomiske ramme er berre stor nok til 33 bebuarar.
Enerstvedt visar til kva kommunen sjølv skriv om framtidig behov, særleg med tanke på demens.

— Administrasjonen skriv jo sjølv at det no kjem stadig fleire yngre demente som ikkje kan bu heime, og dei som har demente heime veit at det er veldig slitande. Dei trenger rom. Så behovet for antal rom auker. Eldrebølga kjem stadig meir, seier han.

Uroar også Eldrerådet

Enerstvedt er ikkje den einaste som bekymrar seg, og får støtte frå Eldrerådet i Sveio.
Dei har tidlegare uttrykt at det må setjast av meir midlar til eldreomsorg og avlasting, seinast i eit brev sendt til kommunen i oktober.

Men, han understrek at det og er mykje positivt som kommunen gjer, særleg i ein utfordrande økonomi.

— Dei sett av pengar til dagsenteret og satsar på det. Og prosjektet «leve heile livet» er me positiv til, seier Enerstvedt.

Dei vanskelege prioriteringane som må kommunen må ta framover trur han ingen sjølv ønskjer å måtte gjere.

— Eg misunner ikkje dei som skal gjere dette, det er jo barnehagar, skuler og mykje anna, seier Enerstvedt.

Han håpar politikarane tek innover seg at det er eit realt behov for å styrke eldreomsorga.

— Me i pårørandeforeininga er naturlegvis opptekne av at dei eldre skal ha det bra, og då trenger me ein sjukeheim som tek i mot dei som treng det, seier Enerstvedt.

Powered by Labrador CMS