nyhende

I fjor fekk over tre millionar skattepliktige ei heilt ny, enklare og heildigital skattemelding, og det blir endå fleire som får ho i år. Framleis vil nokon få skattemeldinga i gammalt format. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir, får ho i det formatet dei kjenner frå før.
I fjor fekk over tre millionar skattepliktige ei heilt ny, enklare og heildigital skattemelding, og det blir endå fleire som får ho i år. Framleis vil nokon få skattemeldinga i gammalt format. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir, får ho i det formatet dei kjenner frå før.

Skattemeldinga kjem innan tre veker frå i dag

Frå 16. mars til 7. april blir skattemeldinga sendt ut til 5 millionar lønnsmottakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande.

– Skattemeldinga di er ikkje tilgjengeleg før du får ein e-post frå Skatteetaten. Det er ingen grunn til å logga seg inn før du får beskjed frå oss, fortel skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Skatteetaten vil senda ut skattemeldinga for 2020 på ulike dagar. Eit stort fleirtal får no skattemeldinga tidlegare enn før.

– Tidlegare fekk alle skattemeldinga samtidig i starten av april. Det førte til svært høg trafikk både på Skatteetatens rettleiingstenester og andre offentlege digitale tenester. Ved å senda ut skattemeldinga puljevis oppnår vi fordelen med ein jamn, stabil og raskare innlogging. Det er positivt for både folk som skal sjekka skattemeldinga og brukarar av andre tenester. Samtidig vil Skatteetaten kunna gi raskare hjelp ved at utsendelsen av 5 millionar skattemeldingar blir fordelte på ulike dagar over tre veker, fortel skattedirektøren.

Korona-året 2020: Ekstra viktig å sjekka skattemeldinga

Skattemeldingen for lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande er forhåndsutfylt med opplysningar om inntekta di, formue, bustad, gjeld og frådrag i året 2020.

Det er framleis nokre skatteforhold du sjølv må fylla ut i skattemeldinga, til dømes utleigeinntekter og verdiar du har i andre land. Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og det er du som kjenner økonomien din best. Du er sjølv ansvarleg for å gi opp fullstendige opplysningar om grunnlaget for å berekna skatten din. Du kan òg gå glipp av frådrag viss du ikkje fyller inn korrekte opplysningar i skattemeldinga.

Etter koronaåret 2020 er det ekstra viktig å sjekka skattemeldinga grundig, understrekar skattedirektøren.

– Det er alltid lurt å sjekka skattemeldinga. Mange er flinke til å sjekka grundig, men vi ønsker at endå fleire skal gjera det.

Frådrag for arbeidsreiser er ikkje forhåndsutfylt i år.

Powered by Labrador CMS