NPK/VESTAVIND: Regjeringa vil at kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal setjast i stand og sikrast.
Riksantikvaren har i samarbeid med Den norske kyrkja fått i oppdrag å utarbeide i fagleg tilråding om korleis ein nasjonal plan for bevaringsarbeidet bør innrettast.
– Kyrkjebygga er av dei fremste kulturminna vi har her i landet. Dei fortel om både materialbruk, handverkstradisjonar, ritual, førestillingar og arkitektonisk utvikling frå mellomalderen fram til i dag. Å sikre desse bygga for framtidige generasjonar er ei viktig nasjonal oppgåve, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).
Ministeren er klar på at kyrkjebygg er viktige i mange lokalsamfunn, og at kyrkja har ein sentral plass i liva til folk.
Planen skal omfatte det som blir rekna som kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Det betyr alle freda og listeførte kyrkjer i landet, uavhengig av eigarskap. Rundt 220 av i alt 1620 kyrkjebygg tilhøyrande Den norske kyrkja er freda.
750 kyrkjer er listeførte som verneverdige kyrkjer av nasjonal verdi. Av desse står to i Sveio kommune. Det er Sveio kyrkje frå 1858 og Valen kapell frå 1707.
I tillegg er det nokre få museumskyrkjer eller kyrkjer som er eigde av private eller stiftingar som Fortidsminneforeininga. I alt er det snakk om i underkant av 1000 kyrkjer.

Tru- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) varslar at freda og verneverdige kyrkjebygg skal vernast og sikrast.FOTO: NPK