nyhende
Skal ut på bygdeturné
Eininga samfunnsutvikling er ny, og leiaren er ny i Sveio. No tar Bente Marie Johansen med seg heile eininga ut til bygdene. Først ut er Vikse og Lid.
Eininga har fem tilsette: Leiar Johansen (næring), Petter Steen (folkehelse), Ellen Tveit (kulturminne), Marit Liknes (idrett og friluftsliv) og Stine Lise Espeland (kommuneplan og andre overordna planar).
Bli kjent
Ei god blanding mellom dei som har vore i kommunen lenge, ikkje fullt så lenge, og Johansen som starta 1. januar. Eininga har vore i arbeid sidan då og blitt kjent med kvarandre og oppgåver. No er det på tide å bli kjent med folk og bygder.
— Me har ingen store vyer eller program for denne turneen. Det viktigaste er å bli kjente og snakka saman. Her er det ope for alle slag innspel og spørsmål. Det er viktig å snakka med dei som har skoen på og veit kor den trykker. Me håper at folk vil dela med oss kva dei meiner er lurt å gjera for å få til eit best mogeleg samspel og samarbeid med kommunen, seier Johansen.
Først ut er Vikse og Lid den 8. mai. Auklandshamn og Bua får besøk 24. mai. Deretter blir det ein pause før turneen startar opp igjen til hausten med Valestrand, Førde og Sveio.
Medspelar
Hovudfokuset til eininga er å vera ein positiv medspelar og bidra til å ei god samfunnsutvikling i kommunen.
— Me jobbar mykje med prosessar, og me har allereie starta den første med ope møte om arealplan til sjø. Det vart ein suksess med mange frammøtte og mange gode innspel. Oppgåva vår er å vera tilgjengelege, høyra på dei mange gode ideane som er rundt om i kommunen og vera ein tilretteleggar, seier Johansen.
Ho håper mange vil ta seg tid til å koma innom den om lag timen som er sett opp på kvar plass.