nyhende
Skal løfta miljøgata
Vestland fylkeskommune har sett i gang med utbetring av miljøgata. Underlaget skal bytast og større bosspann skal kome. – Me håpar det vert meir triveleg å nytta benkane, seier Karen Rørlien, kontrollingeniør hjå fylkeskommunen.
– Det er sånne små grep me gjer, seier Karen Rørlien om arbeidet i Sveio sentrum som byrja fredag føremiddag.
– Meir triveleg
Som kontrollingeniør i Vestland fylkeskommune er det ho som har det heilskaplege biletet. Årsaka til arbeidet er at dei rett og slett ikkje har vore heilt nøgd med miljøgata.
– Me skal få oppgradert litt og skifta ut underlaget. Difor skal me legga gras der og flytta steinane bort til sidene. Me skal ta vare på trea, seier ho.
Frå før har miljøgata to benkar med kvart sitt bosspann, med ei blanding av planta med namn smørbukk og stein og tre på kvar si side. No skal smørbukken bytast ut med gras, og området for gras skal utvidast med å flytta steinane meir til sidene.
– Me håpar at det vert meir triveleg å sitja på dei benkane. Særleg når våren kjem att, seier Rørlien.
Nye bosspann
Dei har også gjort ei vurdering av bosspanna og bestilt noko nytt.
– Me skal setja opp eit nytt bosspann, ein såkalla «big belly» som er mykje større enn noverande, seier Rørlien.
«Big belly», eller stor mage som det betyr på engelsk, er bestilt men ho er ikkje heilt sikker på når de kjem. Det har 190 liter kapasitet og gjev sjølv beskjed til fylkeskommunen når det må tømmast.
– Det er ei både estetisk og praktisk endring kan ein seia, avsluttar Rørlien.