nyhende

Brynjar Stautland er tilsett som dagleg leiar i det nyoppretta Sunnhordland Geopark AS.FOTO: SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND
Brynjar Stautland er tilsett som dagleg leiar i det nyoppretta Sunnhordland Geopark AS.

Skal leie Geopark-satsinga som Ryvarden er ein del av

Snart kan Ryvarden i Sveio vere ein del av ei UNESCO-basert satsing på reiseliv. Brynjar Stautland er tilsett som dagleg leiar i Geopark Sunnhordland AS, som står i bresjen for satsinga.

Publisert Sist oppdatert

Fakta / Geopark

• Ein UNESCO Global Geopark er eit definert område med lokalitetar og landskap av internasjonal geologisk verdi.

• Ein geopark skal springa ut frå eit regional initiativ og skal styrka samarbeidet for ei berekraftig utvikling i reiseliv basert på naturarven, den skal auke omsynet til særs verdfulle lokalitetar samt styrke undervisning om geoarven i området.

• UNESCO Globale Geoparkar kan ikkje overprøve lokale, regionale eller nasjonale mynde eller planverk.

• I dag finst det 169 UNESCO Global Geoparks i verda, 3 av desse i Noreg. Geopark Sunnhordland har no søkt om å bli den fjerde her til lands.

• UNESCO Global Geoparks er tufta på FN’s Agenda 2030.

• UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

Kjelde: geoparksunnhordland.no

I 2014 starta Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS arbeidet med å få regionen Sunnhordland godkjent som geopark, som er eit definert område med lokalitetar og landskap av internasjonal geologisk verdi.

Norsk Geopark-status

Geopark Sunnhordland fekk status Norsk Geopark hausten 2018, og det blei hausten 2021 søkt opptak i UNESCO Global Geoparks Network. Søknaden er omfattande og er utarbeidd i tett samarbeid med fagmiljøa for geologi og arkeologi ved Universitetet i Bergen og Norges Geologiske Undersøkelser. Det har vore ein lang å krevjande prosess frå ide til prosjekt, og vidare til at det hausten 2021 blei stifta som eit dotterselskap under Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS.

— Mange viktige og dyktige bidragsytarar har vore involvert i prosjektfasen, leia av Brynjar Stautland frå 1. juli 2019.  Det er no ei gleda for Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS og styret til Geopark Sunnhordland AS at Brynjar Stautland har takka ja til å tiltre i rolla som dagleg leiar for det nyoppretta aksjeselskapet frå 1. februar 2022, heiter det i ei pressemelding frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Ryvarden

I Sveio er naturområdet mellom Ryvarden og Lyngholm ein del av prosjektet, som tar mål av seg til å skape geoturisme i Sunnhordland.

UNESCO-kommisjonen kjem på synfaring av parken til våren, og tidleg i 2023 vonar ein at status som UNESCO Global Geopark vert tildelt.

— Då kan geoparken og parkens partnerar ta i bruk eit av verdas mest anerkjente kvalitetsstempel for reisemål, og Sunnhordland får internasjonal merksemd for sin særeigne geoarv, heiter det i pressemeldinga.

Det er ei rekke oppgåver som skal utførast innan UNESCO kommisjonen kjem på befaring til våren. Dette arbeidet er Brynjar Stautland allereie godt i gang med.

— I tillegg har han opparbeid seg eit unikt nettverk og kompetanse gjennom prosjektfasen, så morselskapet og geopark styre kan no ynskje den beste kandidaten all lukka til i rolla som dagleg leiar for Geopark Sunnhordland AS.

Powered by Labrador CMS