nyhende

Illustrasjon av vindkraftprosjektet Hywind Tampen. Illustrasjon: Equinor

Skal kartleggje fiskebestandar før havvind-utbygging

Publisert Sist oppdatert
NPK: Havforskarar skal undersøkje kva fiskearter som finst i Hywind Tampen-området. Målet er å ha god oversikt før vindkraftutbygginga startar.

Hywind Tampen er eit flytande vindkraftprosjekt i Nordsjøen som Equinor står bak, om lag 140 kilometer utanfor norskekysten. Etter planen skal prosjektet forsyne olje- og gassplattformene Snorre og Gullfaks med elektrisk kraft.

No skal Havforskingsinstituttet samle inn kunnskap om fisk i området, kva arter som finst der, i kva mengd og kor utbreidde er fiskane.

– Dette er viktig kunnskap for oss på Havforskingsinstituttet. Å dokumentere korleis situasjonen er no, før utbygginga startar, gjer det mogleg å sjå eventuelle miljøeffektar både under etableringa av vindkraftparken og vidare i driftsfasen, seier forskingssjef Henning Wehde.

Det som skal skje reint praktisk er å fange fisk på ulike avstandar frå vindparken. I tillegg vil dei gjennomføre akustiske undersøkingar for å kartleggje eit større vassvolum. Dei skal også samle inn mageprøver for å studere kosthaldet til fisk i områda, og også sjå kva byttedyr som lever der.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS