nyhende
Nav Sveio tar sats for å få unge ut i jobb:
Skal hjelpe unge ut i jobb
Det er lyst ut 70 prosent fleire stillingar i regionen nå enn før eit år sidan. Nå vil Nav Sveio rettleie dei unge ut i både faste jobbar og i sommarjobb.
I år er det toppmåling på etterspurnad på arbeidarar i regionen. Nav Sveio har difor i desse dagar sete ein innsats for å rettleia ungdomar og andre ut i arbeid.
— Mange stillingar er i år lyst ut, og vi ønsker å hjelpa så mykje vi kan, seier Gro Styve, som er ungdomskontakt i Nav Sveio.
Sommarjobbar
Nav Sveio, strekk no ut ei ekstra hand til ungdommar som ønsker å søka seg ut i arbeid, blant anna sommarjobbar.
Også dei med behov for litt ekstra hjelp, er det lagt til rette til.
— Å koma ut i arbeid handlar ofte om å byggja opp kompetanse og sjølvtillit. Er ein heldig, så klarer ein også å skaffa seg nokon kontaktar og referansar til seinare tid, seier Gro Styve.
Styve legg også til at Nav har eit lite ekstra tilskot for dei som har behov for ekstra hjelp, slik at alle kan byggja seg opp arbeidserfaring.
CV og Søknad
Det er mange arbeidsplasser både lokalt og regionalt som ønsker hjelp frå ungdommen, og vi i Nav ønsker å leggja til rette for at ungdommen skal få dette til.
— Vi ønsker å hjelpe alle opp og ut, så om ein treng litt rettleiing, hjelp til skriving av cv eller søknad, så ta gjerna kontakt med oss, seier Styve.
Nav-kontoret held opent for møter, både på telefon og i lokale.
— Har ein behov for informasjon og rettleiing som gjeld arbeid, så oppmodar ein til å ta kontakt ved å leggja igjen telefonnummer og namn i postkassa til Nav, seier ho.