nyhende

Kjetil Optun, seksjonssjef for forvaltning i Sør-Vest politidistrikt, seier dei nye vala på 02800 skal gjera det enklare for publikum å finna rett informasjon.

Skal gjere det enklare å få hjelp frå politiet

Frå måndag 23. mars får dei som ringer politinummeret 02800 med spørsmål om førarrett, køyresetel, brukthandel eller vaktteneste nye tasteval.

Publisert

Endringane blir innførte i Sør-Vest politidistrikt, og målet er å gjera det enklare å finna fram til rett informasjon når folk tek kontakt med forvaltingstenesta i politiet.

– Dette er ein del av eit større forbetringsarbeid i prosjektet «Ved første kontakt», der me jobbar for å bli meir tilgjengelege for folk, seier seksjonssjef for forvalting i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Optun.

Han seier tiltaket mellom anna kjem som følge av tilbakemeldingar frå publikum.

– Telefontidene har variert både mellom politidistrikta og mellom ulike forvaltingsområde. Når det gjeld førarrett, har me til dømes hatt eigne telefontider på måndagar, tysdagar og torsdagar, seier han.

For alle desse områda blir det nå same telefontid i forvaltingstenesta: måndag til fredag frå klokka 09.00 til 14.00.

Håpar fleire finn svar sjølve

Når folk ringer om desse tema, vil dei først få informasjon i ei talemelding og bli viste vidare til relevante nettsider. Det blir også mogleg å få tilsendt lenker og anna informasjon på sms.

– Me trur og håpar at folk vil finna svar på det dei lurer på på nettsidene våre. Det kan letta trykket på sentralbordet og gjera det enklare å koma i kontakt med forvaltinga når det er behov for det, seier han.

Om innringaren ikkje får svar gjennom den første informasjonen, kan vedkomande gå vidare til sentralbordet eller til ein saksbehandlar i forvaltingstenesta.

Dette er vala

Når du ringer om førarrett, køyresetel, brukthandel og vaktverksemd, får du desse vala:

  1. Talemelding med generell informasjon og tilvising til relevante nettsider.
  2. Tilbod om å få tilsendt relevant informasjon og lenkjer via sms.
  3. Samtale med sentralbordet.
  4. Samtale med saksbehandlar i forvaltningstenesta.
Powered by Labrador CMS