nyhende

AIL sitt styre som har planlagt feiringa. F.v. Stig Nilsen, Sigurd Økland, Kenneth Tverfjell og Ole Velde. Kurt Bårdsen var ikkje til stades då bildet blei tatt.
AIL sitt styre som har planlagt feiringa. F.v. Stig Nilsen, Sigurd Økland, Kenneth Tverfjell og Ole Velde. Kurt Bårdsen var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Skal feira aktiv 50-åring

Auklandshamn Idrettslag (AIL) fyller 50 år, og markerer dette med storbasar på Auklandshamn skule søndag. Mellom gjestene som skal helsa jubilanten, er ordførar André Mundal Haukås.

Publisert Sist oppdatert

Willy Mjånes skal fortelja om laget si historie, og også om idrettshistoria i bygda før 50-årsjubilanten såg dagens lys.

– Dessutan prøver me å samla inn bilde frå heile den perioden laget har eksistert, fortel styreleiar Kenneth Tverfjell.

Han lover også ei overrasking til bygda i høve AIL sitt jubileum. I tillegg til loddsal og sal av kaffi og kaker, blir det dessutan heider til laget sine leiarar og utdeling av premiar etter fjorårets Nipamarsj.

Nipamarsjen er ein av AIL sine årlege aktivitetar. Andre aktivitetar er lek med idrett for born, dametrim, gubbetrim og påskeeggjakt. Laget er innimellom også arrangør eller medarrangør av sosiale aktivitetar som sankthansfeiring.

Powered by Labrador CMS