nyhende

— Skal det verta gjort må ein gjera det sjølv

Valestrand oppvekstsenter sitt uteområde treng både oppussing og nye leikeapparat. Over helga tek lokalmiljøet saka i eigne hender og ordnar ein ballbinge. — Det har vore ynskt lenge, seier forelder og dugnadsarbeidar Per Kristian Valen.

Publisert Sist oppdatert

Det er blå himmel og strålande sol når rektor Arve Myklebust viser fram leikeområdet til barna på Valestrand oppvekstsenter. Leikeplassen samsvarar dessverre ikkje med vêret.

— Dette er eit uteområde, og det er eigentleg ganske trist. Før me gjekk i gang med ballbingen hadde me berre to mål, eit klatretårn og ein føyse, seier Myklebust.

Det er ikkje er all verda barna har å leika med, særleg av utstyr. Samstundes har dei gjort grep for å betra på situasjonen fortel han.

— Skulen får låna eit uteområde som me disponerer.

Ikkje all verda

Det tilhøyrer ein nærliggande nabo og er eit flott skogsområde. Rektoren fortel at det er foreldre med barn på skulen som har sett opp leikeapparata der. På dugnad sjølvsagt.

— Me har ikkje pengar i budsjettet til å pussa opp meir, eller kjøpa nye leiker, seier han.

— Er det dugnadsånd her?

— Ja, det er det som driv det. Det som gjer at me har det me har, seier Myklebust.

Nyleg reiv dei eit leikeapparat på uteområde. Det kunne ikkje brukast lengre.

— Me tok ned eit gamalt klatretårn som det var råte i, seier han.

Valestrand Oppvekstsenter held på å undersøka korleis dei skal gå fram for å fjerna avfallet, om det er dei sjølv eller kommunen som skal gjera det.

Over helga kjem det noko som barna har venta lenge på, nemleg ballbinge.

— Dette er eit bygdeinitiativ som lag og organisasjonar har sett i gang. Det har vore eit ynskje frå skulen og bygda sjølvsagt. Me går i gang på dugnad over helga, og då går det fort når dei først er i gang.

Fedrar og dugnadsarbeidarar

Torsdagen før helga kan ein sjå at grunnmur er støypt. To karar gjer området klart til oppsetjing av ballbinge Dei kjenner rektoren igjen.

— Sjå her, her gjer to fedre det på dugnad, seier Myklebust.

Dei to mennene er Per Kristian Valen og Fred Helge Nappen. Sistnemde får noko kompensasjon grunna at han stiller med tungt utstyr sjølv som han vanlegvis brukar i yrket sitt.

— Det har vore eit ynskje sidan eldste min gjekk her for 15 år sidan, seier Nappen.

Dei har begge barn i fleire forskjellege trinn, og i barnehagen i same bygg.

— Ja, dette har vore etterlengta, seier Valen.

Dei fortel at på fredag eller laurdag kjem selskapet som leverer delane til ballbingen. Då går det ofte raskt når dei først kjem i gang.

— Kan det verta mogeleg å spela fotball på søndag?

— Det kan vera. Me får sjå, seier Valen.

— Elevrådet har følgt saka iherdig, humrar Myklebust.

Ynskjer gode vilkår

Ballbingen kjem etter ein del søknadar både hos kommunen og fylkeskommunen om midlar.

— Det er Valestrand Idrettslag som står bak søkinga. Me har vore den einaste skulen i kommunen utan ballbinge, seier Myklebust.

Fedrene er ikkje ukjent med å ta saka i eigne hender.

— Kva synest dykk om at lokalmiljøet må ordna dette sjølv?

— Skal det verta gjort må ein gjera det sjølv, seier Nappen.

Medan arbeidet fortsett, gjer rektoren det klart at det er ei sak med nyansar.

— Eg er ikkje kritisk til kommunen. Eg veit at me har marginale ressursar, seier Myklebust.

Han peikar på eit større reknestykke som kommunen skal få til å gå opp. Likevel håpar han at fleire ser behova til Valestrand Oppvekstsenter.

— Me ynskjer at barna som går her skal ha gode og likeverdige vilkår for oppvekst, seier han.

Powered by Labrador CMS