nyhende
Skal brenna 80-100 mål lyng på Ryvarden
Laurdag om lag klokka 09.00 startar årets første lyngbrenning. Det vil medføra ein del røyk i Ryvarden-området utover dagen.
Brenning av lyng er viktig skjøtsel av heiene på Ryvarden. Området som skal brennast går frå vegen til Ryvarden og ned mot sjøen. Lyngbrenninga vil pågå frå om lag halvvegs ut til Ryvarden og heilt ut til kulturfyret.
Erfarne lyngbrennarar
Det er Ryvardsmarka beitelag og Haugaland lyngbrannreserve som står for brenninga, og Haugaland brann og redning har godkjent planen.
– Det er erfarne lyngbrennarar som skal i aksjon, og me er heldige med vinden. Det er meldt sør, søraust, og då vil vinden styra brannen mot sjøen og røyken mot Bømlo. Området me skal brenna er 80 til 100 mål og ligg mellom vegen og sjøen, seier Torbjørn Larsen, som både er leiar i beitelaget og medlem i lyngbrannreserven.
Nesten 1.000 mål i år
Arbeidet som blir gjort er ein del av skjøtselsplanen for kystlyngheia. Brenninga fornyar lyngen og gir betre beite. Det bidrar også til å hindra brannar som ikkje er planlagt.
– No er lyngen lang og veldig tørr. Ein ukontrollert brann kan dermed spreia seg fort. Planen er å koma dit at me kan driva med såkalla mosaikkbrenning av mindre område kvart år. Men først må me få brent ganske mykje gamal lyng. I fjor fekk me brent 450 mål. I år er det planlagt å brenna nesten 1.000 mål, fortel Larsen.