nyhende
Skader og rot etter frekt båttjuveri
– Kalesja er riven sund, døra inn til styreplassen og kabinen er brekt opp og øydelagt, tenningslåsen er fjerna. Inne er alt eit einaste rot, seier haugesundaren Ludvik Ingvald Matre oppgitt.
Vestavind møtte Matre i Buavåg tidleg torsdag ettermiddag, der han er i ferd med å inspisera båten sin av merke Tresfjord 315 Sunbridge.
Matre og kona hans sat ved frukostbordet same morgon då politiet ringde. Den 30 fots cabincruisaren deira var funnen på ein grunne om lag 100 meter utanfor ferjekaien i Buavåg. Det var Haugesunds Avis som først skreiv om denne saka.
Melding om grunnstøyting
Klokka 03.38 fekk naudetatane melding om båten på skjeret utanfor Buavåg. Redningsskøyta «Hans Herman Horn» blei sendt til staden, og mannskapet der om bord konstaterte at det ikkje var folk om bord i havaristen.
Ikkje langt unna observerte dei ein person i ein open båt. Han var ikkje interessert i å snakka med mannskapet på redningsskøyta. Då politiet kom til staden og fekk kontakt med mannen, viste han seg å vera kjent for ordensmakta frå før.
Pågripen
Mannen i 30-åra blei pågripen og sett i arresten. Han er ikkje berre mistenkt for tjuveri av cabincruisaren, men også av den opne båten av merke Hobby 460. Denne båten ber tydeleg preg av at utanbordsmotoren er stolen. Bensinslangen er kutta. I tankrommet ligg ein Yamaha bensintank og eit sett med nøklar.
Både cabincruisaren og den opne båten blei taua inn til småbåthamna i Buavåg og fortøyde der.
Full av gjenstandar
Det var ingen årar om bord i Hobby-båten, men store mengder gjenstandar som truleg også er tjuvegods. Matre gjenkjente mellom anna ein varmeomn, fiskeutstyr og anna som tydleg var tatt med frå cabincruisaren.
I Hobby-båten var det også ein sykkel, verktøy, matvarer, alkohol og mykje anna, fortel styreleiar i Sveio Båtforening Cato Helgensen. Han blei kontakta av politiet og tok vare på ein gjenstandane som om bord i Hobby-båten. Like etter at Vestavind hadde vore i Buavåg, blei også eigarforholdet til denne båten avklara.
– Eg fekk telefon frå ein mann som sat på Gran Canaria og las Haugesunds Avis på nett. Der såg han bilde av båten sin, fortel Helgesen.
Mannen fortalde at båten må ha blitt stolen frå Torvastad, og at motoren tydelegvis også er stolen.
Uvisst skadeomfang
Det er uklart når cabincruisaren til Matre blei stolen frå båthamna på Hasseløy. Matre reknar med at mykje av rotet om bord skuldast overfarten over Sletta i høge bølger onsdag kveld eller natt til torsdag. Det skal elles også ha vore innbrot i ein annan båt i båthamna på Hasseløy om lag på same tid.
Det er ikkje påvist lekkasje, men først når båten er tatt på land vil det vera mogleg å sjå kva skader som er påført skroget. Slik han no ligg på sjøen, er det tydelege merke etter grunnstøytinga både i baugen og like over vasslina på styrbord side.