nyhende

Varmen har skapt perfekte forhold for vepsen, ifølgje skadedyrfirma. Foto: Sara Johannessen / NTB/ NPK
Varmen har skapt perfekte forhold for vepsen, ifølgje skadedyrfirma.

Skadedyrfirma: – Heilt vanvitige mengder veps

Denne sommaren blir av mange opplevde som «Den store vepsesommaren». Ekspertar melder om ein eksplosiv auke i vepsebestanden, og allergikarar frykt vepsestikk.

Publisert Sist oppdatert

– Vepsen har teke heilt av i år. Det er heilt vanvitige mengder, seier dagleg leiar Glen Hovdal i Skadekontroll1 til Romerikes Blad.

Firmaet har allereie hatt over dobbelt så mange utrykkingar som på same tid i fjor. Skadedyrbekjemparane jobbar på spreng for å halde tritt med etterspurnaden.

– Teknikarane våre er ute og fjernar tre til fire vepsebol kvar einaste dag, seier Hovdal.

Frykta for allergiske reaksjonar driv mange til å søkje hjelp.

– Nesten annankvar telefon vi får, er frå nokon som er redde for allergiske reaksjonar, seier Hovdal.

Powered by Labrador CMS