nyhende
Sjukepleiarmangel i Sveio
Sveio manglar fem sjukepleiarar per i dag, og rådmann Jostein Førre fryktar at mangelen vil auka til sommaren. No vurderer kommunen sjå utanfor Noreg for ei løysing.
— Når det gjeld sjukepleiarar er det ein tøff marknad for tida. Dei er veldig vanskeleg å få tak i, sa rådmann Jostein Førre til kommunestyret måndag 20. februar.
Sjukepleiarmangel
Under ei orientering for kommunestyret kom han med ei dårleg nyheit.
Sveio manglar fleire sjukepleiarar, og grunna sterk konkurranse er det vanskeleg å finna nye.
— I dag har pleie og omsorg fem vakansar i høve sjukepleiarar, seier Førre.
Administrasjonen er i full gong med å leita etter nye sjukepleiarar.
Under orienteringa for kommunestyret fortalte rådmannen at dei har sett ut to løysingar.
— Me vurderer å prøva å rekruttera frå andre land i Norden. Alternativet er at ein ender opp med rekrutteringsbyrå, og det vert ei fryktelig dyr løysing, sa Førre til kommunestyret.
Ser på løysingar
Ifølge Førre må dei rekruttera fleire for å vera sikker at dei har nok til sommaren.
— Kor mange sjukepleiarar ligg Sveio an til å mangla til sommaren?
— Ein har ikkje full oversikt enno, då ein held på med tilsettingar. Det vil kunna koma til å verta utfordrande, og det vert arbeidd saman med tillitsvalte med å sjå på ulike løysingar, seier Førre.
Rådmannen fortel at kommunen ikkje har tatt ei avgjersle på kva for ein av dei to løysingane dei skal velja.
Viss dei skal leita utanfor Noreg, betyr det at Sveio kan få sjukepleiarar frå rundt om i Norden.
Utanom Noreg består Norden av landa Sverige, Finland, Danmark og Island.