nyhende

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Sjukefråværet vårt auka i andre kvartal

I andre kvartal 2021 var det legemeldte sjukefråværet i Vestland 5,5 prosent. Det er ein auke på om lag 8 prosent frå same periode i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Fakta om sjukefråværet i Vestland

  • Alder: Høgast fråvær i gruppa 60–69 år (6,7 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppene.
  • Kommunar: Høgast fråvær i Eidfjord (7,7 prosent) og Fedje (7,5 prosent)
  • Lågast fråvær i Aurland (2,3 prosent) og Høyanger (4,0 prosent)
  • Årsaker: Muskel- og skjelettplager er årsak til nær 38 prosent av dei tapte dagsverka. Deretter kjem psykiske plager med 22 prosent. Luftvegsplager er nede på 5 prosent.
  • Det legemeldte sjukefråværet i Vestland er litt høgare enn snittet for heile landet på 5,3 prosent.

Sjukefråværet steig merkbart våren 2020 i samband med nedstenging og andre smitteverntiltak. Etter nedgang førre kvartal, viser ferske tal frå NAV at sjukefråværet no har auka att.

Ei oversikt frå NAV viser at kvinner i Sveio hadde 8,1 prosent sjukefråvær i andre kvartal, medan mennene sitt nivå var på 4,4 prosent. Snittet for begge kjønn er 6 prosent, som er ei auke frå 9,3 prosent samanlikna med tilsvarande kvartal året før.

– Sjukefråværet har svinga gjennom heile koronapandemien. Slik sett er det vanskeleg å seia så mykje om kva vi forventar framover, men me håpar jo at sjukefråværet går ned etter kvart som samfunnet går tilbake til normaltilstand, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ei pressemelding frå NAV.

Høgast fråvær innan helse- og sosial

Det er høgast fråvær innan helse- og sosialsektoren med 8,4 prosent, og som førre månad er det størst auke i sjukefråværet innan bergverksdrift og utvinning og undervisning.

– Tilsette i skule og barnehage har vore utsette for smitte i jobben, og hatt krevjande arbeidssituasjonar. Det kan ha bidratt til auken i sjukefråværet for dei som jobbar innan undervisning, seier Bogsnes.

Powered by Labrador CMS