nyhende

Sjuandeklassingar vurderer julebakst: – Bør ikkje blanda peparkake og sjokolade

Fem sjuandeklassingar frå Valestrand oppvekstsenter tok utfordringa på strak arm og vurderte åtte sortar julebakst. Det var tidvis sterk usemje om innblanding av sjokolade, og gode tips til bakeri på jakt etter det neste store.

Publisert Sist oppdatert

Dei skulle eigentleg hatt friminutt og deretter gym. I staden for sit Mariann Vikse Valen, Lilja Sofie Skogland Økland, Emil Dragvoll Eidsvåg, Eivind Hillesdal-Barane og Viljar Valen-Spångberg på kjøkenet til Valestrand oppvekstsenter. På bordet føre dei opnast boks etter boks med julebakst, som dei modig smakar på og gjev terningkast med påfølgjande forklaring.

Nr.1. Doble havreflarn med sjokolade

– Det meste med sjokolade er godt, seier Vikse Valen.

Gruppa er for det meste samd i det. Det påpekast at smuldrepotensialet ved eting av desse er svært høgt, og omsyn derfor bør utvisast.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
6 5 4 5 5

Nr. 2. Kokosmakroner med sjokolade

Denne vert ikkje like godt teken imot, og Vikse Valen gjev si vidare til Skogland Økland.

– Den smakar marsipan, seier Vikse Valen.

– Eg likte den, seier Skogland Økland.

– Kva likte du med den?

– Den hadde ein god og seig smak, svarar ho.

Dragvoll Eidsvåg gjev ein toar. Gruppa er for det meste samd i at det hadde vore verre utan sjokolade involvert.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
1 4 5 3 2

Nr. 3. Sirupsnippar

– Den smakar peparkake, men også litt rart. Veldig godt og fin konsistens, seier Skogland Økland.

– Frå meg vert dette ein femmar, for eg kan ikkje eta mykje av den utan å verta kvalm, seier Vikse Valen.

Ho stadfestar at det hadde vore ein seksar om ikkje kvalme var inne i biletet. Gutane er samde i at smaken er god og at dette er ein klassikar blant julebakst. Jamn og sterk poengsum frå alle.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
5 5 4 5 5

Nr. 4. Sjoko-peparkake

Ei nyare oppfinning, og det som mogelegvis vert testen sin mest kontroversielle julebakst.

– Eg likar dei best utan sjokolade, men samstundes må eg seia at sjokolade trekk jo også opplevinga opp, seier Hillesdal-Barane.

– Eg visste ikkje at dette fanst, seier Vikse Valen.

Skogland Økland har forståing for kva produsenten har prøvd på, men vil ikkje erklæra det ein suksess.

– Det smakar som ei peparkake som forsøker å vera ei peparkake. Ein firar frå meg, seier ho.

– Den var god ,men også kvalmande. Ein bør ikkje blanda peparkake og sjokolade seier Valen-Spångberg.

Vikse Valen er samd i poenget hans, og så kastar Dragvoll Eidsvåg det som vert ein brannfakkel inn i diskusjonen.

– Men har de aldri prøvd å dyppa peparkake i kakao? spør han.

Det kontrast frå andre i gruppa med at kakao ikkje er det same, og at produsenten nyttar kokesjokolade i staden for verkeleg god sjokolade som mjølkesjokolade. Dragvoll Eidsvåg står på sitt i kampen for smaksmangfald. Han er heller ikkje hundre prosent nøgd med sjoko-peparkaka, men understrekar at det er greit å blanda dei. Gruppa gjev den ikkje nemneverdig dårleg poengsum, men verdt å merka seg er meiningane om sjokolade og kva type som vert brukt. Namnet «Sjoko-peparkake» var heller ikkje særleg innbydande.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
4 3 4 4 4

Nr. 5. Krumkaker

Den unge mannen i midten av gruppa, Eivind, kjem med ei overrasking.

– Dette har eg aldri smakt før, seier Hillesdal-Barane

– Den er god. Eg har gleda meg til den, seier Dragvoll Eidsvåg.

Han gjev den ein seksar, og nemner at dei ofte kjem med krem, noko han også anbefaler.

– Viss de hadde fått ein milliard kroner for å gjera krumkaken betre, kva hadde de gjort?

– Hmmm, mogelegvis putta krem i den, men det går vel ikkje an, spekulerer Dragvoll Eidsvåg.

– Dyppa den i sjokolade, foreslår Skogland Økland.

Det oppstår ein diskusjon om korleis ein då skulle ha dyppa det. Loddrett ned? Heile i så fall, eller berre halve? Eller skulle det berre vore smurt sjokolade på utsida før den blir rulla saman? Dei vert samde om å dyppa halve loddrett hadde vore den beste løysinga.

– Eg gjev den ein firar seier Valen-Spångberg, og legg til at han hadde gjeve ein femmar om det var krem involvert.

Så venter gruppa, og journalisten, ivrig på svaret til han som aldri før har smakt dette.

– Ein toar. Det var eggesmak. Dei er så mjuke utan å vera mjuke, altså at dei er så skjøre. Eg hadde likt dei betre med sjokolade, seier Hillesdal-Barane.

– Alt er betre med eit dypp i sjokolade, konkluderer Vikse Valen.

Det vart for mykje smular, ingen krem, eggesmak og fråvær av sjokolade rett og slett. Vikse Valen peikar også ut at dei som ein lagar sjølv smakar betre.

– Sidan det vart terningkast to, kva var det verste med opplevinga?

– Smaken, svarar Hillesdal-Barane kontant.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
5 2 2 4 4

Nr. 6. Peparkake

Den heilt vanlege peparkaka er ei sikker landing på den spenstige og kulinariske berg-og-dalbana desse sjuandeklassingane har gjeve seg ut på.

– God, men betre med melis, seier Vikse Valen.

– Betre dei me lagar heime. Dei er litt mjukare, seier Skogland Økland.

– Eg gjev ein seksar. Peparkaker er peparkaker, seier Hillesdal-Barane nøgd.

– Heimelaga er best, seier Valen-Spångberg

– Klassisk og godt. Det smakar jul. Krumkaker er likevel betre, seier Dragvoll Eidsvåg.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
5 4 6 4 5

Nr 7. Kakemann og Nr. 8. Peparkakemann

Dei to siste julebakstane er meint å vurderast opp mot kvarandre, gamalt og nytt, tradisjon mot innovasjon. Ei nyvinning frå butikkane kor peparkakemenn vert seld i same storleik og innpakning som dei tradisjonelle kakemennene. Ungdomane får beskjed om å vurdera skilnadene i tillegg til individuelle smakar, og det vert semje om i alle fall ein ting.

– Ein byrjar med å eta hovudet, viss ikkje er ein rar, seier Skogland Økland.

Sidan peparkakemannen er mykje større enn ei vanleg peparkake, er det ei mogelegheit for at denne treff blink med å vera ekstra mjuk, noko som tidlegare i testen vart etterlyst.

– Eg tenkjer det er bra for gjestar med peparkakemennene. Dei tek ein og så er dei mette, seier Dragvoll Eidsvåg.

– Dei vart litt for mjuke, seier fleire av ungdomane.

Kakemennene og tradisjon står att som vinnarar, sjølv om Vikse Valen tek peparkakemennene i forsvar og synest dei er dei beste. Kompromissløysinga frå Vestavind fall ikkje i god jord.

– Kva viss dei hadde selt ein blandingspakke med både kakemenn og peparkakemenn saman?

– Nei, det hadde ikkje vore bra, svarar dei.

– Kva viss det var sjokolade på dei?

– Det hadde vore godt, men ikkje noko vits, svarar Dragvoll Eidsvåg.

– Hadde ikkje redda at kakemennene ikkje smaka godt, seier Vikse Valen.

Ho klargjer for ordens skuld at kakemenn er gode når ein lagar det sjølv, men at dei i testen var for tørre.

Vikse Valen Skogland Økland Hillesdal-Barane Valen-Spångberg Dragvoll Eidsvåg
Kakemenn 3 5 4 4 5
Peparkakemenn 5 4 3 2 2

Og med det er testen over og ungdomane kan gå att til gymtimen. Nokon tek ein ekstra julebakst som dei likte godt, andre er mett av all smakinga. Vinnar av testen vart doble havreflarn med sjokolade, med 25 poeng. Delt andreplass gjekk til klassisk peparkake og sirupsnippar med 24 poeng.

– Kva likar dei gamle å eta av julebakst?

– Sandnøtter, svarar Vikse Valen.

– Og peparkaker har dei alltid i skapet, legg Skogland Økland til.

– Gamle folk er ikkje så glade i søte ting, seier Hillesdal-Barane.

– De er einige i at gamle folk likar krumkakar? spør Dragvoll Eidsvåg

– Ja, svarar dei saman.

Powered by Labrador CMS