nyhende

FOTO: UTRYKKINGSPOLITIET

Sju tekne i kontroll – éin vart nesten fotgjengar

Utrykkingspolitiet heldt kontroll langs E39 måndag.

Publisert Sist oppdatert

— Det vart sju forenkla førelegg, seier Idar Helland, politibetjent i Utrykkingspolitiet.

Måndag heldt dei trafikk-kontroll og måla farta til bilistane med laser.

Då vart sju sjåførar stansa grunna for høg fart.

Den som køyrde raskast var nær å verte fotgjengar.

— Høgaste var 84 kilometer i timen i ei 60-sone. Altså berre to kilometer i timen frå beslag, seier Helland.

Bilistane som vert stansa tek også ein blåseprøve. Helland fortel han var nøgd med at alle var edru.

Powered by Labrador CMS