nyhende

— Ver klar over at det er vinter i vatnet, sjølv om det blir varmt i lufta utover i mai, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsforebygging i Redningsselskapet. ILLUSTRASJONSFOTO: REDNINGSSELSKAPET
— Ver klar over at det er vinter i vatnet, sjølv om det blir varmt i lufta utover i mai, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsforebygging i Redningsselskapet.

Sju personar drukna i april

Til saman 21 personar har mista livet i drukningsulykker i Noreg i år – éin meir enn til same tid i fjor. 19 av dei 21 omkomne i år er menn.

Publisert Sist oppdatert

Det viser Redningsselskapets drukningsstatistikk.

I april drukna sju personar, fem menn og to kvinner. Fem av ulykkene skjedde etter fall frå land eller bryggje.

Sjø- og vasstemperaturen er framleis godt under ti grader over heile landet.

— Ver klar over at det er vinter i vatnet, sjølv om det blir varmt i lufta utover i mai, seier Tanja Krangnes, som er fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

I kaldt vatn får kroppen kuldesjokk. Det gjer at ein pustar raskare og byrjar å hyperventilere.

Les meir om korleis kroppen reagerer på kaldt vatn og kva du bør gjera her

Ulykkene i april:

Vestfold og Telemark: Ein mann i 50-åra vart funnen omkommen i sjøen ved ei bryggje i Sandefjord i slutten av april.

Oslo: Ein mann i 40-åra omkom etter å ha falle ut i Akerselva ved Vaterland på Grønland.

Agder: Ein mann i slutten av 20-åra vart funnen livlaus i sjøen i eit turområde i Lindesnes kommune.

Agder: Ein mann i 20-åra vart funnen omkommen i Mandalselva i Mandal etter å ha vorte meld sakna etter ein bytur.

Rogaland: Ein 44 år gammal mann er grunn til å tru omkommen – sannsynlegvis etter å ha falle i sjøen i Stavanger sentrum nattetid.

Viken: Ei kvinne i 30-åra døydde etter at ho gjekk gjennom isen på eit vatn i Sarpsborg, truleg i eit forsøk på å redde hunden sin.

Trøndelag: Ei kvinne i 80-åra omkom etter at bilen ho køyrde, hamna i Steinkjerelva i Steinkjer.

Powered by Labrador CMS