nyhende

Vaksinen frå Pfizer Biontech er ein av dei som er brukt i Norge. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Vaksinen frå Pfizer Biontech er ein av dei som er brukt i Norge.

Sju av ti vil ta fjerde vaksinedose

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Av dei i Noreg som har teke tre dosar med koronavaksine, seier 71 prosent at dei vil takke ja til ein fjerde dose dersom dei får tilbod om det.

Interessa for å ta ein fjerde dose aukar med alderen, kjem det fram i undersøkinga Norsk koronamonitor, som er gjennomført av Opinion.

– Alt tyder på at folk flest vil takke ja til ein fjerde vaksinedose dersom styresmaktene vel å tilby det, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I undersøkinga for juni svarer 64 prosent at dei har tillit til at tempoet på vaksinasjonen i Noreg er effektivt. Dette er 7 prosentpoeng lågare enn i mai og det lågaste som er målt så langt i år.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS