nyhende

Sjømannspresten er komen på land

Som sjømannsprest har han halde jazz-gudsteneste i New Orleans. Som nordsjøprest sat han vêrfast ute i havet i julehelga. På nyåret tar han til som sokneprest i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

To teologistudentar ved Misjonshøgskulen i Stavanger fekk i julehelga 1999 kvar sin feriejobb som nordsjøprest. Den eine av dei to, Eirik Aadland Tappel, reiste på julaftan med helikopter ut til Esso sitt produksjonsskip på Balder-feltet.

Eit fælsleg uver slo til i Nordsjøen denne julehelga. Dekket blei stengt. Ingen fekk bevega seg utandørs. Bølgene gjekk 10 meter høge.

– Eg fekk sjå bølgene frå brua. Dei var som høge fjell og djupe dalar, fortel Tappel, som under slike omstende skulle innta sin første lutefiskmiddag.

– Heldigvis fekk eg det meste opp att før eg skulle halda gudsteneste i kinosalen. Arrangementet blei godt motteke av oljearbeidarane på Balder-skipet.

Heimreisa blei utsett. Eg kom ikkje heim att før i året etter at eg reiste ut. Men slik kan det ofte vera i Nordsjøen. Det var i alle høve nyttig å oppleva korleis nordsjøarbeidarane har det, seier den nye Sveio-presten.

Lærar, flygar eller prest?

– Var det tidleg klart for deg at du skulle bli prest?

– Eg heldt gudsteneste nedst i trappa heime i Stavanger med eit teppe over skuldrene, medan resten av familien var kyrkjelyd og sat oppover i trappetrinna.

Han er oppvaksen saman med tre brør på Vardeneset i Tasta bydel i Stavanger. Foreldra var aktive i den lokale kyrkjelyden, men det var ingen prestar i nær familie. Far hans er utdanna kjemi-ingeniør og har jobba  som reservoaringeniør i oljeindustrien. Mor hans var tilsett ved sjukehuset som bioingeniør.

Eirik Aadland Tappel blei ordinert i Stavanger domkirke i 2002 av dåverande biskop Ernst Baasland.

– Eg såg at arbeidet og aktiviteten i kyrkjelyden var viktig for foreldra mine. Venner, fellesskapet og trua tydde mykje for dei.

Gjennom oppvekst og ungdom tenkte han å bli lærar. Men han vurderte også om han skulle bli flygar. Han var flyinteressert, ei interesse han delte med far sin. Medan han gjekk på luftsportlina ved Sagavoll Folkehøgskule dreiv han med modellsegfly på fritida og flaug med seglfly.

Då Tappel studerte kristendom mellomfag ved Norsk Lærarakademi i Bergen, deltok han sommaren 1995 på ein ungdomstur til Brasil i regi av Det Norske Misjonsselskap.

– På den turen blei eit misjonskall vekt og eg bestemte meg for å studera teologi. Deretter blei det Misjonshøgskulen i Stavanger, høgskulen som nå heiter VID.

Eirik Aadland Tappel blei ordinert til prest i Stavanger domkirke av dåverande biskop Ernst Baasland i 2002. Den første preste-jobben hans etterpå var som barne- og ungdomsprest i Stokka kyrkjelyd i  Stavanger.

Presten gjekk om bord

Etter fire år som prest på Sunnmøre, sette han saman med familien kursen ut av landet.

I eit par korte omgangar hadde han vore prestevikar ved sjømannskyrkja i London. Sjømannsmisjonen gav meirsmak. Nå gjekk flyttelasset til Houston i Texas.

– Korleis er det å vera sjømannsprest i vår tid med langt færre norske sjøfolk samtidig som  seglingstida deira er blitt dramatisk mykje kortare?

– Sjømannsmisjonen og sjømannskyrkjene skal gi eit  tilbod til alle nordmenn i utlandet. Mellom 5.000 og 6.000 nordmenn budde i Houston-området på den tida. Mange hadde jobb innan helserelatert og medisinsk retta industri, eller dei jobba innan olje- og gassnæringa.

I hamneområdet ved Galveston og Houston var det gjennomsnittleg 300 skipsanløp årleg med norske sjøfolk om bord.

– Eg blei glad i det oppsøkjande arbeidet  og gjennomførte mange skipsbesøk. I dei første åra tok eg med norske aviser som sjømannskyrkja fekk tilsendt. Seinare printa eg ut avissider etter ein avtale me hadde med Sjøfartsdirektoratet. På mange skip var det berre tre eller fire norske sjøfolk. Det var viktig å få ein god prat, seier Tappel.

Yngste jenta i familien, Sunniva, er fødd og blei døypt i sjømannskyrkja i Houston i 2010. Frå venstre: Eirik, Sindre Martinus, Kari, dåpsbarnet Sunniva, Hanna og sjømannsprest Ingvild Fallegård.

Han peikar vidare på at det var sjøfolk som lærte sjømannskyrkja korleis vera kyrkje i utlandet.

– Leserommet i kyrkja er viktig, gjerne utstyrt med biljardbord, kaffi og vafler. Frå leserommet kunne ein gjerne sjå inn til kyrkjerommet og til altertavla. Sjømannskyrkja fungerer mange stader både som kulturhus og som kyrkje. Dette opnar store mogelegheiter.

Tappel fortel at han møtte mange frå Haugalandet då han gjorde teneste i Houston.

– Marianne Skjerping Kroken frå Førde leia barnekoret Vill West i sjømannskyrkja. Eg heldt dessutan påskegudsteneste heime i hagen hennar og gudstenester med både dåp og konfirmasjon under ein bispevisitas heime i stova der.

Jul i sjømannskyrkja

– Korleis var det å feira jul i Houston?

– Den store julebasaren blei halden i november. Men alt i januar starta komiteen sine førebuingar. Sjømannskyrkja si kvinneforeining laga mange flotte gevinstar, som blei stilt ut i kyrkjerommet, fortel sjømannspresten.

Han legg til at kvinneforeininga ved sjømannskyrkja også pakka inn  pakkar før jul, som han tok med då han gjekk om bord i skip.

– Sjøfolka sette stor pris på dette.

I løpet av adventstida besøkte sjømannspresten den norske kontingenten av jagarflypilotar som var under opplæring i Wichita Falls, vest for Dallas og heldt julegudsteneste der.

Julaftan blei det arrangert julemiddag i sjølve kyrkjerommet med mellom 40 og 50 gjester. inviterte gjester. Ribbe blei servert i kyrkja, medan pinnakjøt utgjorde  julemiddagen privat i heimen 1. juledag.

Sjømannspresten frå Houston fortel vidare at saman med familien brukte dei å køyra ein tur i adventstida til eit bustadområde kor det blei pynta mest med lys. På bilradioen kunne dei der få inn ein kanal med musikk som spelte i takt med dei blinkande lysa kring husa og i hagane i nabolaget.

– Her var det ikkje uvanleg at huseigarane leigde inn firma som pynta hus og eigedom med særs avanserte lysarrangement. Det eine nabolaget såg ut til å ville overgå det andre.

Heimatt

Det er nokre år sidan familien Aadland Tappel kom heimatt til Norge. Tappel har sidan mellom anna vore sokneprest på Stord. Kona hans er fødd og oppvaksen der og familien er busett på Stord.

Den nye Sveio-presten sitt mellomnamn, Aadland, er kona sitt familienamn, medan etternamnet Tappel er korkje nederlandsk eller utanlandsk. Det skriv seg frå ei lita grend i Alta kommune i Finnmark som heiter Tappeluft. Oldefar hans i Bergen, Einar Martinus, sine foreldre kom derifrå.

Medan Eirik Aadland Tappel skriv doktoravhandling har han kontorplass i det gamle ærverdige skulebygget på Rommetveit, som tilhøyrer Høgskulen på Vestlandet.

I dei siste åra har Tappel kombinert jobben som prostiprest i Sunnhordland med  vidareutdanning. Han tok mastergrad ved høgskulen VID innan verdibasert leiarskap. Nå er han i innspurten med si doktorgradsavhandling. Den handlar kort fortalt om korleis organisera det frivillige arbeidet i kyrkjelyden på ein god måte.

– Nokre stader har dei ein laus struktur utan klar ansvarsdeling, medan andre kyrkjelydar nyttar ei meir formell organisering. Dette må me finna ut av saman med soknerådet når eg på nyåret startar arbeidet i Sveio, seier Tappel.

Teologi

– Kvifor til Sveio?

– Som prostiprest i Sunnhordland gjorde eg teneste mellom anna i Sveio. Det var ein kjekk plass å vera saman med kjekke folk. Difor søkte eg den ledige stillinga.

Eg har alt fått høve til å bli litt kjent med folk her, har vore innom alle kyrkjene, har halde gudstenester, gravferder, dåp og vigslar. Nå ser eg fram til vidare arbeid i kyrkjelyden med sokneråd, konfirmantarbeid og trusopplæring, seier Tappel, som skal ha sin base i Sveio sokn.

– Kva slags prest er du og kvar står du teologisk?

– Eg er ein all round-prest og reknar meg som ein byggjar av kyrkjelyd og ønskjer samtidig  god samhandling mellom dei tilsette i staben, soknerådet, dei frivillige, kommunen og lokale bedrifter. Eg gler meg til å læra sveibuen betre å kjenna og vil lesa meg opp på lokal historie, seier den nye Sveio-presten.

Når det gjeld teologiske spørsmål reknar han seg som ein klassisk teolog.

– Det er som kjent to syn i kyrkja og eg representerer det eine. Eg samarbeider likevel godt med alle og trur det er viktig at vi treng kvarandre trass teologisk usemje.

Om ekteskapet seier Tappel at det kristne ekteskapet, som Bibelen løftar fram, tilhøyrer mann og kvinne.

– Men eg respekterer andre sitt syn i denne saka, og eg forventar samtidig at dei som har eit anna syn respekterer mitt syn. Det har vi jo eit vedtak på i Kyrkjemøtet, seier Tappel.

Jazz

Den nye Sveio-presten er glad i musikk, spelar piano og gitar på hobby-basis og lyttar gjerne  til klassisk musikk medan han no sit og skriv på doktoravhandlinga. Han likar også jazzmusikk og har ved fleire høve vore med og arrangert jazzgudstenester. Under tida i USA deltok han mellom anna i ei jazzgudsteneste i sjølvaste jazz-hovudstaden New Orleans.

Tappel er også ein ivrig turgåar, som har besøkt dei fleste toppane på Stord-øya og ser fram til å bli betre kjent med naturen i Sveio.

Til femtiårsdagen nyleg fekk han som gåve ei overnatting i Flokehyttene på Ryvarden.

– Det ser eg fram til.

Powered by Labrador CMS