nyhende

Det kjem stadig fleire butikkar der du kan du låsa deg inn og handla utan at det er nokon tilsette til stades. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Det kjem stadig fleire butikkar der du kan du låsa deg inn og handla utan at det er nokon tilsette til stades.

Sjølvbetening skal berga nærbutikkane

Fleire og fleire bygdebutikkar går over til sjølvbetening.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det melder NRK.

Så langt har om lag 40 butikkar sjølvbetening. Det tyder at kunden kan låsa seg inn og bruka butikken utan at tilsette er til stades. Mange av dei sjølvbetente butikkane er døgnopne.

Ordninga med sjølvbetente butikkar byrja som eit prøveprosjekt i 2020. Dei åtte butikkane som deltok i prøveprosjektet auka omsetnaden med i gjennomsnitt 49 prosent.

Gjennom Merkur-programmet kan nærbutikkane få økonomisk støtte til å gå over til sjølvbetjening. Målet med Merkur-programmet er å sikra folk i distrikta tilgang til daglegvarer og andre butikktenester.

Merkur-konsulent for Sogn og Fjordane og Sunnmøre seier til NRK at nærbutikken ofte er veldig viktig for små bygder, og at overgangen til sjølvbetening har vore ein suksess.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS