Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide ber om innspel frå bransjen for å få ned talet på fallulykker.FOTO: MARIT NILSEN/SJØFARTSDIREKTORATET
Sjøfartsdirektoratet skal jobbe mot fallulykker
Fall er årsaka til nesten halvparten av dødsulykkene til sjøs dei siste ti åra. No har Sjøfartsdirektoratet valt fallhendingar som det området dei spesielt skal konsentrere seg om i 2023.
NPK: Statistikken viser at 46 prosent av dødsulykkene til sjøs dei siste ti åra kjem av fall. Fallhendingar inkluderer både fall om bord, fall til sjøs og fall frå kai, hamn og brygge. Når det gjeld talet på personskader til sjøs i same tidsperiode, kjem 35 prosent av fallhendingar, skriv Sjøfartsdirektoratet på nettsida si.
– Dette er veldig alvorleg, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide i ein video.
Tendensen er aukande, og direktoratet vil i 2023 prøve å snu denne utviklinga. Internt skal alle medarbeidarar vere ekstra merksame på kva dei kan gjere for å fremme dette arbeidet. Det skal lagast eigne sjekklister i tilsynsarbeidet, og det blir kampanjar og opplysningsarbeid.
Eksternt vil direktoratet at bransjen skal sjå på prosedyrar og prosessar, og dele gode sikkerheitstiltak og erfaringar.
– Kva kan vi gjere knytt til sikkerheit, til prosedyrar, for å gjere det tryggare og betre, seier Hareide som ber om innspel frå bransjen.