nyhende

Silje Marie Grutle
Silje Marie Grutle

— Sjøen og fjella her nord er heilt fantastiske

Silje Marie Grutle er dagens gjest i spalta «— Hei, sveibu!»

Publisert Sist oppdatert

— Hei, sveibu!

Namn: Silje Marie Grutle

Alder: 31 år

Bustad: Straumøy Gard

— Kva gjer du til dagleg?

— Om dagane ventar me nytt familiemedlem. Det kan skje kva dag som helst nå. Elles jobbar eg på fantastiske Auklandshamn skule.

— Kva er det beste med å vere sveibu?

— Naturen og folka. Sjøen og fjella her nord er heilt fantastiske. Og vatna og lyngheiane sør er òg eventyrlege. Det er så variert! Elles opplev eg god dugnadsånd og folk som bryr seg.

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Ja, det er nok det. Men det passar seg kanskje ikkje for denne spalta, hehe. Og dessutan kan ein ta tak i ting sjølv viss det er noko ein saknar.

— Kva er ditt beste Sveio-minne?

— Det byrjar å bli ein del. Kulturfestivalen, Valestrand-dagen, diverse arrangement på garden, fine arbeidsdagar med flotte elevar og kollegaer, både på Auklandshamn, på Sveio skule og heime her på garden. Men eit spesielt minne eg har er nok frå ein kveld då eg og Viljar, mannen min, var heime på besøk då me budde i Oslo. Me var ute på fjorden i robåt ein haustkveld. Månen lyste svakt bak nokre skyer. Me skulle sette garn. Og sjøen lyste av morild! Alt lyste! Båten, årene, garnet. Og i tillegg var det nokre maneter. Eg har funne ut at det må vera «Lobemaneten» som gjorde det heile hakket meir spennande. For dei og lyste! Då var det lett å draume seg heimover. Og nå er me her!

— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?

— Det er så mange å framsnakke! Så mange dyktige folk som jobbar på skulane, og i barnehagen her nord. Men kanskje eg skal framsnakke svigers? Anne og Leif Grutle, som har jobba så hardt for å for å skape fine kvardagar for andre her på garden. Dei inspirerar stadig. Me er heldige som får ha dei i nærleiken.

Powered by Labrador CMS