nyhende

Dronefoto sveio sentrum vigdarvatnet sveioåsen
Kvar femtande sveibu lever med noveverande eller tidlegare kreftdiagnose.

Sjeføkonom trur på dobbelt rentehopp neste veke

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets trur renta kan hevast med 0,5 prosentpoeng om halvanna veke.

Renta er på veg opp både i Noreg og internasjonalt. I USA har sentralbanken to månader på rad heva renta med 0,75 prosentpoeng. I Noreg vart renta før ferien heva med 0,5 prosentpoeng.

Noregs Bank har tidlegare varsla at det ligg an til at renta blir heva med 0,25 prosentpoeng på rentemøtet om halvanna veke. Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets trur likevel det kan bli meir.

– I lys av sterke arbeidsmarknadstal og høgare inflasjon kan rentehoppet bli like stort som i juni, seier Haugland til Dagens Næringsliv.

I den siste prognosen sin ventar Noregs Bank ein kjerneinflasjon på 3,2 prosent i juli. Forventningane i marknaden er at kjerneinflasjonen stig med 3,8 prosent.

Inflasjonstala frå Statistisk sentralbyrå blir publiserte onsdag morgon.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS