nyhende
Sjåføren har meldt seg
Politiet gjekk i går kveld ut og ville ha kontakt med ei kvinne som kolliderte med to gutar på sykkel i krysset mellom Sveiogata og Tjernagelvegen.
Samanstøyten skjedde rundt klokka 18.45 onsdag kveld. Gutane, som er i tenåra, kom syklane på ein sykkel nedover bakken mot krysset då dei møtte ein bil. I krysset gjorde sjåføren ein svingmanøver som førte til at gutane havna i sida på bilen.
Gutane såg ikkje ut til å ha fått skadar, og kvinna som køyrde bilen køyrde dei heim. Ho hadde opplyst namn og mobilnummer, men dette blei ikkje notert og ingen hugsa namnet hennar, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon torsdag morgon.
Gutane vart seinare på onsdagskvelden sendt til legesjekk, og politiet ba kvinna, som køyrde ein raud bil, om å melda seg. Dei ba også eventuelle vitner ta kontakt.
Det var oppretta sak, og torsdag morgon opplyser politiet at kvinna har meldt seg. Ho er enno ikkje avhøyrt.