nyhende

Tarjei Mikkelsen i Nortømmer AS ber turgåarar visa stor varsemd når det no skal takast ut tømmer frå Øykjadalen i Sveio.
Tarjei Mikkelsen i Nortømmer AS ber turgåarar visa stor varsemd når det no skal takast ut tømmer frå Øykjadalen i Sveio.

Sjå opp for tømmertransport

Stien mellom Øykjadalen og Førde vil i ein periode vera uframkommeleg grunna transport av tømmer.

Publisert Sist oppdatert

Nortømmer AS skal ta ut tømmer frå Øykjadalen/Sjedler, og ber publikum om å visa stor varsemd i arbeidsperioden. Tryggleiksavstanden frå skogsmaskinar i arbeid er 90 meter.

Øykjadalen ligg nær skogsvegen frå Førde og sørover mot Lier. Skogsvegen startar på sørsida av E39, omtrent tvers overfor skulen i Førde.

– Arbeidet starter opp måndag 29. mars og vil truleg vera ferdig fredag 16. april. Det blir ikkje arbeida på helligdagar, opplyser driftsleiar Tarjei Mikkelsen i Nortømmer AS. Ved spørsmål kan han kontaktast på telefon 930 14 481.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-1804', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.475135082763813, 59.60585226235179], // starting position [lng, lat] zoom: 13.848999823853152 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.472882103810122, 59.60469239247058]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })
Powered by Labrador CMS