nyhende
Sjå opp for hjortevilt langs vegen
Det er registrert 12 viltpåkøyrsler i Sveio hittil i år. Fleire av dei er ikkje meldt frå om. – Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda frå, seier Dagfinn Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune.
Sveio er den kommunen i gamle Hordaland som har størst rådyrbestand. 8 av dei 12 hjorteviltdyra som er påkøyrd i år er rådyr. I tillegg vart det funne eit drukna rådyr i ytre del av Førrespollen.
Hjortebestanden er også stor, særleg nord i Sveio. Nokre år tilbake rekna ein at rundt 700 hjort gjekk inn og ut av Sveio. No er truleg dette talet ein del høgare.
Du er pliktig å melda frå
– Det skjer flest påkøyrsler langs E39, men det er viktig at trafikantane er merksame langs alle vegar i kommunen. Hjortedyra kan koma over vegen i stor fart. Enkelte periodar er dyra meir aktive, som på ettersommaren når det går mot brunsttid, seier Bjørge.
Han understrekar at det er viktig å melda frå om ein køyrer på eit dyr, og at ein har plikt til det.
– Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda frå. Har du vore uheldig, ringer du til politiet. Forklar så nøyaktig som mogeleg kvar påkøyrsla har skjedd, og merk kvar ulukkesstaden er. Til dømes med ein plastpose eller noko anna som er lett synleg. Politiet varslar vidare, og det blir sett i verk ettersøk, seier Bjørge.
Kan bli liggande og pinast
Å ikkje melda frå kan få ubehagelege konsekvensar for både dyr og sjåfør.
– Det skjer ganske ofte at skada hjortevilt klarar å koma seg vekk frå ulukkesstaden. Då kan dei bli liggande og pinast til døde. Å få sett i gang ettersøk så raskt som mogeleg er difor viktig. Det er ikkje så lenge sida eg opplevde det sjølv. Eit rådyr sprang inn i sida på bilen min, men såg ut til å ha klart seg bra. Eg varsla slik ein skal, og ettersøk blei sett i verk. Då rådyret blei funne levde det, men hadde lagt seg i såkalla sårleie. Det var så skada at det måtte avlivast, fortel Bjørge.
For deg som sjåfør, er det dyrare å ikkje melda frå. Skuldast skadane på bilen at du har køyrt på eit dyr, og du ikkje har meldt frå, må du betala eigenandel sjølv om du har kasko. Melder du frå, slepp du eigenandelen.
Svømmer over Bømlafjorden
– Kva med det drukna rådyret i Førrespollen?
– Det har truleg drukna under ein svømmetur. Rådyr er gode svømmarar, og det er trekk både over Bømlafjorden og Ålfjorden, seier Bjørge.
Han oppmodar også dei som finn døde eller skadde hjortedyr om å melda frå til politiet.
– Me veit at det er mørketal når det gjeld meldingar om påkøyrsler. Kjem du over eit hjortedyr som ligg dødt eller skada ved vegen, meld frå! avsluttar Bjørge.