nyhende

Ny E39

Vegskilt for E39 ved ein svingete veg med bil i bakgrunnen.
Statens vegvesen har lagt fram si tilråding for trasévalet på ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden. Les saka for å sjå kva som skjer vidare.

Ny E39: Dette er neste steg

No kan du seia di meining om ny E39 fram til 23. mars, møta Vegvesenet i Førde og påverka kva trasé kommunane til slutt skal velja.

Publisert Sist oppdatert

Når planforslaget for ny E39 blir lagt ut til offentleg ettersyn, blir dokumenta lagde ut på nett. Planomtalen er hovuddokumentet, og viser kva dei to alternativa inneber og kvifor Vegvesenet tilrår alternativ 1.

Det er mykje å setta seg inn i. Vegvesenet opplyser at det totalt er rundt 50 til 80 dokument, i tillegg til underdokument. Derfor har dei laga korte samandrag for å gjera det enklare å få ei oversikt.

Folkemøte og opne kontordagar i Førde

I høyringsperioden inviterer Vegvesenet til folkemøte. I Sveio vil dette skje i Førde samfunnshus 18. februar klokka 18.00. Her går dei gjennom planen, forklarar kva som skil alternativa og svarar på spørsmål frå salen.

To veker seinare, 4. mars, arrangerer Vegvesenet open kontordaga der dei som ønsker kan koma innom og snakke direkte med fagfolk om ulike tema rundt prosjektet. Dette skjer også i Førde samfunnshus på nemnde dato mellom klokka 12.00 til 19.00.

– Ein stor del av jobben vår er å sørga for at folk, særleg dei som blir råka, er godt informerte, seier Henry Damman, planleggingsleiar for E39 BoknBømlafjorden.

Derfor har Vegvesenet sendt ut brev til rundt 1.100 personar i dei tre kommunane Sveio, Tysvær og Bokn, som kan bli råka av eitt eller begge traséalternativa.

Høyringsfrist 23. mars

Fristen for å koma med innspel går ut 23. mars. Vegvesenet legg opp til ei digital løysing der du kan klikke i kartet og skrive inn merknaden din, slik at det blir tydeleg kvar innspelet gjeld.

Mann sit i blå sofa på Statens vegvesen Stord-kontor og gestikulerer
Planleggingsleiar i Statens vegvesen, Henry Damman, fortel om vegen vidare i prosessen, med høyring, folkemøte og politisk handsaming av trasévalet for ny E39 Bokn-Bømlafjorden.

– Me må rekna med fleire hundre merknader, seier Damman.

Etter fristen går Vegvesenet gjennom innspela og vurderer om noko bør justerast før planen blir sendt vidare. Målet er å sende saka til kommunane rundt september 2026.

Motsegn kan utsetta prosessen

I høyringsperioden kan også statlege og regionale styresmakter senda inn motsegn dersom dei meiner planforslaget kjem i konflikt med viktige omsyn. Dersom det kjem motsegn, må saka først drøftast mellom partane. 

Fører ikkje drøftingane fram, går ho vidare til mekling hos statsforvaltaren. Blir det framleis ikkje semje, kan saka til slutt bli sendt til departementet for endeleg avgjerd.

Damman anslår at ei mekling kan gi ei utsetting på rundt eit halvt år.

– Og skal ho heilt til departementet, då byrjar åra å gå, seier han.

Dersom det kjem motsegn, får ikkje kommunen endeleg vedteke traséval før motsegna er løyst.

Vidare framdrift avheng av NTP

Når kommunane har vedteke trasévalet gjennom kommunedelplanen, noko Damman håper kan skje vinteren 2026/2027, er arbeidet til Vegvesenet i denne fasen ferdig. Då blir eigedommane som ikkje lenger ligg i det vedtekne traséalternativet frigitte, og vil ikkje lenger vera bandlagde.

Vidare framdrift er avhengig av prioritering i neste Nasjonal transportplan, og ny bestilling og midlar til Vegvesenet. Først då kan neste planfase starta, med reguleringsplanlegging fram mot ein eventuell byggestart. Når reguleringsplanen er vedteken, kan berørte grunneigarar krevja erstatning, til dømes ved innløysing av bustad.

Kan byggjast i etappar

Vegvesenet peikar på at strekninga Bokn-Bømlafjorden kan delast opp i mindre delstrekningar. Då kan prosjektet starte med ei mindre løyving, og byggast vidare etter kvart som nye midlar kjem på plass.

– Då treng me ikkje heile summen med ein gong. Me kan bygga trinnvis, seier Damman, som trur dette kan vere ei aktuell løysing for å få fortgang i bygginga.

Powered by Labrador CMS