nyhende
Sjå kvar julegrana tennast i helga
Første desember er her og i helga skal fleire julegraner tennast. Les kvar i saka!
Valestrand Bygdalag var først ute med å tenna julegrana, som vart gjort den 24. november ifølgje leiar Anne Lise Økland. Men, om ein framleis er svolten på gløgg og tenning av julegran har ein tre mogelegheiter att.
Fredag 1. desember klokka 17.00 skal grana tennast ved nærbutikken i Førde.
– Det vert saft, gløgg og pepperkaker, seier leiar i Førde Bygdalag Tor Inge Flåten.
Til Førde kjem også ordførar André Mundal Haukås (H) for å seia nokre ord, og det skal spelast musikk.
– Kanskje kjem nissen også, avslørar Flåten til Vestavind.
Laurdag 2. desember held Sveio Skulekorps tenning av julegrana på torget i Sveio. Hendinga er frå klokka 14.30 til 17.00. Ordføraren kjem, og det gjer også Bømlafjord heste-og hundesenter med ein hest. Også her er det rykte om at nissen kjem.
Søndag 3. desember er det julegrantenning i Auklandshamn. Hendinga finn stad ved Filadelfia og byrjar klokka 17.00. Det vert servert graut og gløgg, gong rundt treet, og ikkje minst korpsmusikk. Arrangørane er Auklandshamn Bygdalag og Auklandshamn Idrettslag.