nyhende

Kjell-Erik Grønli frå Mesta dirigerte trafikken forbi flaum-området.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kjell-Erik Grønli frå Mesta dirigerte trafikken forbi flaum-området.

Sjå kva som møtte Sveio-pendlarane

Det har regna kraftig på Haugalandet natt til fredag. Det gav utfordringar på hovudferdslesåra mellom Sveio og Haugesund.

Publisert Sist oppdatert

Om lag 500 meter sør for kommunegrensa mellom Sveio og Haugesund flauma vatnet over på fylkesveg 47, og entreprenøren Mesta måtte ut og dirigere trafikken manuelt.

Køyretøya fekk seg ein grundig «vask» av understellet.

Særleg i det høgre køyrefeltet mot Haugesund vart det så djupt at entreprenøren etter beste emne leida trafikken over i venstre fil.

Ingen lange køar

Då Vestavind var på staden like før klokka 8 gjekk trafikkavviklinga likevel greitt, utan at det oppstod særleg lange køar.

Litt vatn stansa korkje personbilar eller tohjulingar.

Avisa får på staden opplyst at staden er eit kjent problem for entreprenøren når det er mykje nedbør, då vegen ligg lågare enn terrenget.

Powered by Labrador CMS