nyhende

Bjørkefink. Foto: Jan Erik Røer
Bjørkefink.

Sjå kva fuglar det er mest av i hagane i Vestland

Under hageteljinga i vinter vart det i snitt registrert 47 fuglar per hage. Somme artar har klora seg fast med nebb og klør i årevis, men no har også ein nykomar hakka seg oppover listene.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Under teljinga vart det registrert nær ein halv million fuglar i over ti tusen hagar. I snitt vart det observert 47 fuglar per hage, noko som er seks–sju fuglar mindre enn gjennomsnittet dei siste 15 åra, ifølgje Birdlife Norge, som arrangerer teljinga.

Kjøttmeisa var som vanleg på toppen av lista og vart registrert på 93 prosent av dei 10.477 fôringsplassane, sjølv om det totale talet på registrerte kjøtmeiser (68.133) var færre enn tidlegare år. Det heng truleg saman med ein dårleg hekkesesong i store delar av Sør-Noreg i 2022.

Den einaste nykommaren på ti-på-topp-lista er flaggspett. Han erstattar bjørkefinken, som fall frå sin historisk sterke 8.-plass i fjor til 20.-plass i år. Flaggspett var på 12.-plass i fjor og vart då funne i 28 prosent av hagane. I år vart til saman 6.124 individ funne i 39 prosent av hagane. Det er ikkje er registrert flaggspett i liknande omfang sidan den store flaggspettinvasjonen vinteren 2013/14.

Også dompapen rykte tre plassar opp på lista i år. Han vart no funne i 46 prosent av hagane, mot 41 prosent i fjor. Artane pilfink, spettmeis og stillits utvidar stadig utbreiingsområdet sitt i Noreg og var godt representerte under teljinga. Også kjernebitar verkar å ha blitt eit meir vanleg syn.

Omtrent 30 prosent av hagane var snøfrie då fuglane vart talde, og noko under halvparten var heilt snødekte. For nokre artar er det vanleg at det blir færre fuglar når det er mildt og lite snø, medan artar som svarttrost og raudstrupe gjerne dukkar opp når det er kaldt og snørikt. For meiser og fleire av finkane betyr vêret mindre, men det var ingen store invasjonar av finkefuglar i år.

Langtidstrendane for artar som gran-, lauv- og svartmeis er derimot ikkje lovande, sjølv om både gran- og svartmeis gjorde det greitt på teljinga i år. Det same gjeld også for gulsporv, som var eit fast innslag på lista over dei ti vanlegaste hagefuglane fram til 2015, men som sidan har falle heilt ut. I år hamna han til slutt på 15.-plass og vart funnen i 25 prosent av hagane. Både gulsporv og granmeis er vurderte som sårbare artar på den norske raudlista over trua artar.

Den vanlegaste firbeinte gjesten i norske hagar er ekorn, som vart funne i meir enn 2 700 hagar. Det utgjer 27 prosent av alle hagane. Ekorn er minst vanleg på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal, der det finst i berre 6 prosent av hagane. Vanlegast er ekornet i Innlandet, som i år kunne skilte med ekorn i halvparten av hagane.

Art/prosent av Vestland-hagar arten vart observert i / antal individ observert i Vestland totalt:

Granmeis.
Dompap.

Kjøtmeis 93/ 8.075

Blåmeis 86/5.521

Svarttrost 84/4.815

Skjor 69/2.921

Raudstrupe 61/1.056

Spettmeis 42/967

Gråsporv 39/5.460

Grønfink 38/4.627

Dompap 34/2.535

Kråke 31/1.573

Grønsisik 29/5.237

Granmeis 25/979

Flaggspett 25/417

Svartmeis 23/659

Bokfink 15/642

Nøtteskrike 12/332

Lauvmeis 11/320

Bjørkefink 9/642

Pilfink 9/710

Stillits 8/797

Ti på hagetoppen i Noreg:

Prosent av hagane arten vart observert i

Kjøtmeis: 93 prosent

Blåmeis: 83 prosent

Skjor: 72 prosent

Dompap: 46 prosent

Svarttrost: 45 prosent

Spettmeis: 43 prosent

Grønfink: 41 prosent

Flaggspett: 39 prosent

Gråsporv: 36 prosent

Pilfink: 36 prosent

10 på artstoppen i 2023

Antal individ registrerte totalt

Kjøtmeis: 68.129

Blåmeis: 45.531

Gråsporv: 42.822

Grønfink: 42.652

Dompap: 39.823

Pilfink: 36.639

Skjor: 29.597

Gulsporv: 24.457

Kråke: 15.978

Svarttrost: 15.248

(©NPK)

Powered by Labrador CMS