nyhende

Martin Wølstad i Klondike. Wølstad nummer to frå høgre. Foto: Asahel Curtis CC BY / NPK
Martin Wølstad i Klondike. Wølstad nummer to frå høgre.

Sjå i fotoalbumet til norsk gullgravar i Amerika

Eit unikt fotoalbum frå ein norsk gullgravar i Amerika er no tilgjengeleg på nettet.

Publisert Sist oppdatert

Arkivverket har nyleg gjort tilgjengeleg eit fotoalbum frå gullrushet i Klondike på Digitalarkivet.

Albumet tilhøyrde Martin Wølstad frå Stavanger, ein av få nordmenn som var gullgravar på slutten av 1800-talet.

Samlinga inneheld 70 fotografi som gir eit sjeldan innblikk i livet til gullgravarane. Bileta er tekne av kjende fotografar som Eric A. Hegg, Arthur C. Pillsbury og Asahel Curtis, som dokumenterte gullrushet og menneska som deltok. Fotografia viser langt meir enn gullgravarar i arbeid. Dei skildrar også livet i dei mellombelse busetjingane, dei krevjande reiserutene og kvardagen i det ugjestmilde landskapet. Ein del av bileta er av urbefolkninga i Yukon.

– Fotoalbumet må ha vore ei viktig stadfesting på Wølstads eventyrlege reise, både for han sjølv og seinare generasjonar, skriv Arkivverket om samlinga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS