nyhende

Sjå for ein squash!

Marianne Grindheim frå Heimly Gard dyrka fram ein usedvanleg stor squash. 4,9 kilo vog den! – Det vart for mykje for kjøkenvekta, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har ikkje rørt den, seier Marianne Grindheim.

Ho står bak Heimly Gard, ein sosial medium-konto som dokumenterer kvardagen til gards. Grindheim står også bak ein enorm squash som nyleg vart hausta frå hagen hennar. Ho sver at ho ikkje har gjort noko utanom det vanlege.

– Eg har samla spon og hønsaskit gjennom vinteren, og deretter dyrka squash og litt anna i haugen, seier ho.

Monstersquash

I om lag tre år har ho halde på i hagen og til gards. Dette var første gongen ho har dyrka fram ei monstergrønsak.

– Den veg 4,9 kilo, seier ho.

– 4,9? Det er jo større enn ein nyfødd baby

– Eg måtte fram med badevekt fordi det vart for mykje for kjøkenvekta, humrar ho.

Tjukt skal

Ho har ikkje heilt bestemt seg kva som skal gjerast med squashen.

– Skalet er så tjukt at den kan jo halda seg ei god stund, seier Grindheim

– Sel du den til høgstbydande?

– Eg trur nok ikkje nokon er så interessert i squash, humrar ho.

Powered by Labrador CMS