nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

– Situasjonen er utfordrande

Kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, følgjer smittesituasjonen tett etter at to tilsette ved Sveio omsorgssenter har testa positivt for covid-19.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje fleire tilsette som er positive ved omsorgssenteret, men det er tilsette i karantene og generelt høgt sjukefråvær grunna luftvegsinfeksjonar. Me har god oversikt og hyppig testing, men situasjonen er utfordrande og me er spente på dei neste vekene, opplyser kommunalsjef Ingunn Toft.

Besøkande til Sveio omsorgssenter blir nå oppmoda om å nytta munnbind, samt at besøk ikkje skjer i fellesareala. Dei som blir anbefalt å testa seg, er dei som har fått nyoppståtte symptom eller er nærkontaktar til ein som er smitta.

Auka bruk av hurtigtestar

Marianne Bergtun ved Apotek 1 Sveio opplyser at dei tre siste vekene har det vore svært mange innom for å kjøpa covid-19 testar. Apoteket har difor bestilt inn ekstra mykje for å dekka behovet. Hurtigtestar som kan kjøpast på apoteket, kostar om lag 400 kroner for fem testar.

– Viktig å hugsa på nå i vinterkulda er at testane er sensitive for minusgrader, og at dei ikkje må oppbevarast under 2 grader pluss. Testane er heller ikkje så følsame som dei på testsenteret, og kan gje falsk negativt resultat. Dei er meir meint for å gje ein indikasjon på negativt eller positivt svar, seier Bergtun.

Det vil vera mogleg å henta gratis hurtigtest til heimebruk på kommunehuset i Sveio sentrum om ein har behov, men dette skal berre gjerast etter avtale med testsenteret i Tysvær. Det er altså ikkje mogleg å henta test utan avtale med testsenteret, eller om ein ønskjer å ha ein test «på lur». Dette er for å sikra at alle som har reelle behov får gratis test.

Powered by Labrador CMS