nyhende

Kommande veke blir det travelt på Vestavind-kontoret med mellom anna produksjon av årets juleavis. Foto: Susanne Lie Vallestad
Kommande veke blir det travelt på Vestavind-kontoret med mellom anna produksjon av årets juleavis.

Siste sjanse til å få med helsing i papiravisa i år

Årets siste papiravis er berre ei lita veke unna. Vil du ha med helsingar i juleavisa til familie eller vener som har bursdag, jubileum, giftemål eller har fått barn, er fristen klokka 12.00 tysdag 16. desember.

Publisert Sist oppdatert

Første papiravis i det nye året kjem torsdag 8. januar. Kjem det helsingar frå 16. desember og fram til då, vil me legga helsingane ut på nett når det høver og ta dei med i første papiravis 2026.

22. og 23. desember er det folk på Vestavind-kontoret, men frå 24. desember til og med 1. nyttårsdag er kontoret i Sveiogata stengt.

29. og 30. desember har me redusert opningstid mellom 10.00-14.00 på heimekontor.

Nettavisa blir oppdatert kvar dag gjennom heile jula og nyttår.

Powered by Labrador CMS