nyhende

15. mai var fristen eigarane til å fjerna båtane og båtvraka som ligg på Mjelkeneset. 18. mai såg det slik ut. Kanoane er Frilager sine og ligg til utleige.

Siste sjanse i kveld – i morgon blir båtane fjerna

Tysdag morgon startar arbeidet med å fjerna båtane og båtvraka frå Mjelkeneset. Berre to eigarar har henta båtane sine innan fristen gjekk ut.

Publisert

For ein månad sidan blei det varsla at båtane som ligg ved rasteplassen på Mjelkeneset vil bli fjerna. Fristen for å gjera det sjølv, var sett til 15. mai. Då Vestavind var nedom måndag, var to av båtane henta. 12 ligg framleis igjen, og no har eigarane berre i kveld på seg til å henta båtane og eventuelt sikra seg vrakpanten sjølv.

– Eg var i kontakt med Viking Gjennvinning Karmøy sist veke. Då blei det avklara at dei går i gang så raskt dei har mogelegheit denne veka, seier rådgivar Gjertrud S. Osmundsen i Sveio kommune.

Tar truleg heile dagen

Mats Skjærseth i Viking Gjennvinning opplyser til Vestavind at dei etter planen startar arbeidet tysdag morgon.

– Kor lang tid reknar de med å bruka på jobben?

– Det kjem mellom anna an på kva tilstand båtane er i, kor godt fast dei sit i grunnen og kva som krevst for å få dei opp til bilen. Ut frå det me har oversikt over per no, vil truleg heile dagen gå med, seier Skjærseth.

Lite nedbør seinare tid har ført at Vigdavatnet er blitt ganske mykje lågare. For ein månad sidan flaut desse to båtane, og var fulle i vatn.

Alle blir fjerna samtidig

– Korleis er det med båtane som ligg på ein annan grunneigar enn fylkeskommunen?

– Grunneigar tok kontakt med gjennvinningsselskapet allereie dagen etter dei fekk varslingsbrevet for å avklara fjerning. Det var mest ønskeleg å gjera jobben i ein gong, og så alle båtane blir fjerna samtidig, seier Osmundsen.

– Litt uheldig

Sidan sist Vestavind skreiv om saka, har det dukka opp ein del kanoar som tilhøyrer Frilager. Desse er til utleige og er låst i wire.

– Det var litt uheldig at kanoane blei lagt ut før båtane var fjerna, men dei som skal rydda har fått beskjed om å la kanoane ligga. Eg har også vore i kontakt med Frilager og spurt om dei har fått løyve til å lagra kanoane der. Ein av eigarane er fylkeskommunen, så det ordnar seg nok, men eg har bede om at dei får opp eit skilt som informerer om at kanoane har lov til å ligga der i sesongen, avsluttar Osmundsen.

Powered by Labrador CMS