nyhende
No skal båtane fjernast frå Mjelkeneset
Er du eigar til ein av båtane ved Mjelkeneset, har du frist til 15. mai til å henta den. Om ikkje kan den bli fjerna.
Totalt er det no 14 båtar og ein topp som ligg langs vika ved rasteplassen på Mjelkeneset. Nokre av båtane har lagt lenge utan å vera i bruk, ligg heilt eller delvis under vatn og har til og med gras og tre som veks i dei. Andre er delvis tekne vare på ved at dei er trekt opp på land.
Ein båt fjerna i fjor
Vigdarvatnet grunneigarlag er engasjert i alt som har med Vigdarvatnet å gjera, og gjekk i fjor ut i Vestavind og oppmoda eigarane til å fjerna båtane sine. Det resulterte i at ein båt blei fjerna.
– Det er Vestland fylkeskommune som er grunneigar der flesteparten av båtane ligg, og me var første gong i kontakt med dei i fjor. For nokre månader sidan blei det avklara at dei ikkje har mynde til å fjerna båtane, og at me måtte ta kontakt med kommunen, seier John Ragnar Tveit, leiar i grunneigarlaget.
Sette fart i saka
Rådgivar Gjertrud S. Osmundsen i Sveio kommune sette fart i saka straks ho fekk ein skiftleg klage frå grunneigarlaget. Ho opplyser at også andre har tatt kontakt med kommunen om dette.
– Dette er båtar og båtvrak som både er skjemmande og potensielt farlege for dei som brukar området. Og ikkje minst er dei ei forureingskjelde som avgir mykje mikroplast til grunn og vatn når vêr og vind bryt dei ned. Det er heller ikkje gitt løyve frå fylkeskommunen til oppbevaring av båtar på deira grunn, seier Osmundsen.
Klistra varsel på båtane
Det er vanskeleg å finna eigarane til båtane, så onsdag var ho ute og klistra laminert varsel om fjerning på alle båtane og vraka som ligg på fylkeskommunen sin grunn. Fem av båtane ligg på ein annan grunneigar, som har fått varselet tilsendt frå kommunen.
– Slik eg forstår det, er dei i gong med å setta i verk tiltak for å få fjerna båtane på sin grunn, seier Osmundsen.
Dette må du gjera for å unngå pålegg:
- Fjerna båten.
- Senda Sveio kommune ei skriftleg tilbakemelding innan 15. mai med opplysningar om at du har rydda opp.
- Om båten er levert til godkjent mottak: legg ved kopi av kvitteringa for at du har levert båten dit.
– Me er heldige som har ei lokal verksemd på Karmøy, Viking Gjenvinning, som tar imot eller hentar båtvrak. Leverer du båten sjølv får du 1.000 kroner i vrakpant. Ender det med at kommunen må få båten fjerna, er det verksemda som hentar den som får vrakpanten, seier Osmundsen.
Nøgd grunneigarlag
Og leiar for grunneigarlaget er veldig nøgd med den handlekraftige rådgivaren.
– Me kunne ikkje berre sjå på at den fine rasteplassen blei forsøpla både visuelt og gjennom forureining. Det er stor aktivitet på Mjelkeneset i sommarhalvåret, og me er veldig nøgde med at det no blir rydda opp slik at det både blir fint og trygt å bruka området. Og ikkje minst at me med dette stoppar forureininga frå båtane, seier Tveit.
Vestavind skreiv om dei skjemmande båtvraka i fjor: