nyhende

Jostein Austvik og hans Trollfest kan ta eit skritt mot finaleplass i MGP i kveld.FOTO: JULIE MARIE NAGELSTAD/NRK
Jostein Austvik og hans Trollfest kan ta eit skritt mot finaleplass i MGP i kveld.

Siste sjanse for Jostein og hans rosa flamingoar

I kveld kan du røyste Jostein Austvik frå Sveio og hans rosa flamingoar eit steg nærmare den norske finalen i Melodi Grand Prix.

Publisert Sist oppdatert

Ingen av dei som såg den første delfinalen i Melodi Grand Prix kunne unngå å få med seg bandet Trollfest og framføringa av låta «Dance Lika A Pink Flamingo».

Utkledd som rosa flamingoar, og med eigen danse, og med Jostein Austvik frå Førde i Sveio som frontfigur, sette dei farge på sendinga. Men dei fekk diverre ikkje nok poeng til å vidare til finalen den gongen.

Måndag kveld blir det gjensyn med opp framsyninga under den første delen av «Sistesjansen» kor dei 12 låtane som ikkje klarte å kvalifisere seg i sine respektive delfinalar får ein ny sjanse.

Kveldens sending er basert på opptak frå delfinalene, og dei fire som får flest poeng frå sjåarane går til ny direktesende semifinale førstkomande laurdag.

Vinnaren får den siste ledige gylne gullbilletten til den norske finalen som går av stabelen laurdag 19. februar.

Powered by Labrador CMS