nyhende

Vikse gamle skule for sal
Å vera eigar av Vikse gamle skule har tæra på økonomien til Straumavegen velforening. No ser dei fram til å selja.

Siste sjanse for å kjøpa gamleskulen

Pengar til straum og forsikring på Vikse gamle skule har rent ut frå den elles slunkne lagskassa til Straumavegen velforening (Smørsund velforening). No skimtast lys i tunnelen.

Publisert Sist oppdatert

Vikse gamle skule er til sals, men er du interessert må du melda deg kjapt – 15. februar er absolutt siste sjanse.

– Straumavegen velforening har fått eit bod på huset, så viss ingen fleire melder seg går me for det, opplyser leiar Steinar Vikse til Vestavind. Han ber eventuelt interesserte ta kontakt med han.

I to år har velforeninga pusha på Sveio kommune for å få selja gamleskulen.

– Det har vore ein vanvittig treg prosess, no ser me fram til å avslutta denne, konstaterer Vikse.

Powered by Labrador CMS