Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Siste juletrefest på Bråtveit bedehus?
For om lag 30 store og små vart det ein svært så triveleg juletrefest i eit vakkert pynta Bråtveit bedehus søndag. Bedehusstyret hadde håpa at det kom fleire på det som truleg var siste juletrefest i bedhuset, som no skal seljast.
Kledd i ein fargerik og morosam, og ikkje heilt ny dress frå Sparkjøp, leia Rune Hjelmeseter festen.
Juleforteljing og juletregong
Alle gjestene vart møtt med pianospel frå dyktige Kristi Matre. Etter julesongen «Du grøne, glitrande tre, goddag», fekk vi høyre Rune Hjelmeseter fortelja ei vakker juleforteljing.
Urd Ekkje Hjelmeseter og Sigrun Breistig hadde organisert det som dei reknar med vil vera den aller siste juletrefesten i bedehuset. Men no var tia komen for å kosa seg i lag med både gong rundt juletreet, god mat og dessert, besøk av nissen og ein interessant og lærerik quiz for både den eldre og yngre garde.
Klesvask for hand
Då melodien «Nå går vi rundt om en enebærbusk» vart spelt og alle forsøkte å gjera slik dei også song – så gjør vi så når vi vasker vårt tøy tidlig en mandagsmorgen – kom det tydeleg fram at dei fleste ikkje hadde erfaring med anna enn vaskemaskiner.
Men pyttsan, kva gjer vel det, så lenge alle hadde det morosamt og gjorde sitt beste. God trim var det også då dei seinare nærast sprang rundt juletreet.
Lærerik quiz
Ein aktivitet som ikkje var annonsert, var ein interessant og lærerik quiz, leia av Sigrun Breistig. Først fekk me sjå gamle bilete frå ulike stadar i Sveio, og skulle svara på kor i kommunen det var. Oppgåva var sjølvsagt enklare for den eldre generasjonen.
Verre var det då spørsmåla gjaldt dataspel og namn på ulike figurar og mykje anna. Der kom det kjappe svar frå særleg dei yngste. Interessant var det også å sjå bilete av mange kommunevåpen. Spørsmål om keisarar, juleevangeliet og hesterasar, verktøy og anna gav oss innsikt i nyare og eldre tid.
Kven som vann? Laget der både nissen, pianisten, Urd og tre ungdomar kviskra i lag, stakk av med premien.
Tida endrar seg
– Kvifor skal Bråtveit bedehus seljast?
– Det er bygda som eig bedehuset. Bygdefolk i fleire krinsar vart invitert på årsmøtet, men møtte ikkje. Etter at barnehagen vart lagd ned, skjer det ikkje noko som gir inntekter eller bruk av huset. Alt ungomsarbeid er også lagt ned. På eit ekstraordinært styremøte i oktober i år vart det einstemmig vedteke at huset må leggjast ut for sal i januar-februar 2026. Men me sel ikkje med glede. Noverande bygg vart innvia i 1978, etter at det gamle bedehuset brann ned i 1973 eller 1974, fortel Urd Ekkje Hjelmeseter.
Hjelmeseter fortel også noko som truleg ikkje berre gjeld Bråtveit bedehus:
– Før tok born og unge, foreldra og andre vaksne del i ulike arrangement. Slik var det også medan det var barnehage i bygget. No er dei ikkje lenger med. Det er naturleg at tida har endra seg.
God kjensle
Men ein ting må seiast etter den kan henda siste juletrefesten på Bråtveit bedehus: Den gode kjensla frå slike arrangement i farne tider var der gjennom dei om lag to timane i samvær med ein triveleg og god gjeng.
Då 5-åringen Tiril kom bort til underteikna med ei lita gåve ho sjølv hadde laga og pakka inn, vart dagen fullkommen.