nyhende

Rannveig A. Hegerland er leiar i Sveio Skulekorps, og gler seg til Sveiomarknaden. ARKIVFOTO: VERONICA FUREVIK
Rannveig A. Hegerland er leiar i Sveio Skulekorps, og gler seg til Sveiomarknaden.

Siste innspurt mot marknaden

Sveio Skulekorps er ferdig med førebuinga til marknaden, no står berre sjølve hendinga att. — Me har fått til ei fin underhaldning, seier leiar i korpset, Ranveig A. Hegerland.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje mange dagar igjen til Sveiomarknaden, som skal haldast 3 og 4. juni.

— Planane er i orden, og me har underhaldning og utstillarar på plass, seier Ranveig A. Hegerland, leiar i Sveio Skulekorps.

Sidan i fjor haust har ho og andre jobba ivrig for å organisera ein flott marknad. Mesteparten av underhaldninga kan ho på rems.

Underhaldning

— Me har litt lokale krefter i år faktisk. Me får besøk av Bjørnis, Lystgass, poeten Arne Torget, Sveio skulekorps sine aspirantar, Colleths, Flaks sjonglering og Rossman, seier Hegerland.

Samanlagt vert det altså ein bamse frå brannvesenet, tre musikkartistar eller band, ein poet, eit korps og sjonglørar.

— Og så kjem Fantastic. Dei skal driva med ansikstmåling og ballongar, legg Hegerland til.

Forutan det lokale korpset vert det også ei førestilling av barn og ungdom frå TeArtig, den lokale teatergruppa.

Utstillarar

— Og Flaks sjonglering skal ha ei lita oppvising, og eit lite kurs for dei som ynskjer å læra å sjonglera, seier ho.

Blant utstillarane avslører ho at det er mykje likt som tidlegare, kunst, næringsliv og politiske parti.

Grasbanen ved Sambrukshuset vert rullebane for ein modellflyklubb. Dei skal også få visa seg fram for nysgjerrige tilskodarar.

— Ikkje mange dagane igjen no. Eg gler meg, seier Hegerland.

Powered by Labrador CMS