OSLO 20171205.Postens ubesørgelighetsavdeling på Lørenskog. Hit kommer posten som ikke har noen adressat, gjenstander som har falt ut av sine pakker, eller som ikke posten klare å finne adressen til.FOTO: NPK
Siste frist for å sende julegåver i posten er i ferd med gå ut
NTB-NPK: Skal du sende julegåvene i posten i år, byrjar det å haste for alvor. Posten forventar i tillegg tidenes pakkerush denne jula.
Postleverandørane opplever større trykk enn nokosinne og seier nedstenginga set fart på netthandelen, melder NRK.
Posten og Heilt Hjem har sett siste frist for levering av pakkar til torsdag 16. desember, medan Postnord har sett siste frist 17. desember.
Det byrjar med andre ord å bli lovleg seint om julegåvene skal rekke fram til julaftan neste veke.
– Dei siste vekene har vi levert to millionar pakkar i veka, og no berre aukar det på, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Noreg til NRK.
– Det har vore heilt ekstremt. I fjor hadde vi ein auke på 43 prosent. No ligg vi framfor fjoråret og går mot «all time high», seier pressesjef Haakon Nikolai Olsen i Post Nord.
Heilt Hjem opplyser at dei berre i desember kjem til å levere rundt 1.5 millionar pakkar rundt om i landet.
Er ein innstilt på å punge ut nokre ekstra kroner, kan ekspresslevering vere løysinga dersom julegåvene ikkje blir handla inn før helga, men det vil svi godt på julegåvebudsjettet.