nyhende
Sintef vil ha fortgang i «digitaliseringa» av norske vegar
– Sjølvkøyrande bilar og automatisert transport, som det vil bli meir av i åra framover, er avhengig av ein del hjelp frå infrastrukturen. Blant anna må bilane alltid kunne registrere kvar dei er og vite kva reglar som gjeld i området dei er i. Køyretøya er òg avhengige av god digital og elektronisk kommunikasjon, mellom anna gjennom telenettet, seier seniorforskar Hanne Seter i Sintef Community til Nynorsk pressekontor.
Seter tok òg opp problematikken rundt digital infrastruktur i ein kronikk i Dagens Næringsliv tidlegare i september. Der skreiv ho mellom anna at vi no ikkje berre kan snakke om den fysiske vegen, men at vi også må utvikle kunnskap om den digitale infrastrukturen som det moderne vegnettet treng.
Sektorsamarbeid
Sintef-forskaren meiner det aller viktigaste ein må få på plass når ein jobbar med desse problemstillingane er samarbeid på tvers av sektorar.
– Viss ein for eksempel skal ha dekning frå telenettet langs vegen må Vegvesenet samarbeide med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) på ein annan måte enn tidlegare. Noko som gjer dette veldig vanskeleg er at det er ulike departement som har ansvar for dei ulike elementa. At veg og kommunikasjon tilhøyrer forskjellige budsjettpostar i nasjonalbudsjettet gjer det komplisert. Ein kan få til ei viss grad av samarbeid no, men ein treng eigentleg ei politisk bestilling – ein visjon, seier Seter.
Ho og Sintef foreslår difor å få på plass ein felles visjon.
– I dag er det Nasjonal transportplan (NTP) som stakar ut kursen for kva ein skal prioritere i samferdselssektoren. Den er transportetatane sitt viktigaste dokument. Det vi ønskjer å få til er eit liknande politisk dokument som går på tvers av dei ulike etatane.
Kutt i samferdsel
Økonomi er ei anna utfordring som må løysast for å få på plass digital infrastruktur langs vegane. Om nokre få veker legg regjeringa fram sitt første statsbudsjett. Dei har varsla at det vil komme innstrammingar og samferdsel er truleg ein av postane der ein kjem til å stramme inn.
– Trur du at digital infrastruktur vil bli prioritert i åra framover trass signala frå regjeringa?
– Ja, det trur eg i aller høgste grad. Det handlar ikkje berre om å investere nye friske pengar inn i transportsektoren. Det handlar òg om å klare å unngå store og dyre feil. Det å ta gode avgjerder i notid er viktig med tanke på koordinering. Sjølv om ein skal kutte, vil det gi høgare gevinst i framtida om ein brukar midlar på å samordne og koordinere no.
Ho trekker fram eit eksempel på korleis samarbeid på tvers av sektorar kan vere med å hindre at store avgjerder i ein sektor kjem bardus på ein annan og slik sett får større økonomiske og planmessige konsekvensar enn nødvendig.
– I samband med eit prosjekt vi dreiv saman med Vegvesenet og Nkom kom det fram at Nkom planlegg å stengje 2G-nettet i 2025. Det viste seg å vere svært relevant og ha store konsekvensar for Vegvesenet fordi dei har masse utstyr i tunnelane som er kopla til 2G-nettet.
Noreg i front
Trass i at Sintef etterlyser meir koordinering er dei klare på at Noreg er langt framme når det gjeld utbygging og planlagt utbygging av digital infrastruktur.
– Vi er langt framme på utbygging av breiband, fiber og telenett. Vi er eit lite land og det kan vere ein fordel, fordi det er kort veg mellom dei ulike instansane og det er godt samarbeid mellom det offentlege, private og akademia, seier Seter.
– Kva trur du blir den største utfordringa med utbygging av digital infrastruktur i åra framover?
– Det er rett og slett at teknologien beveger seg veldig fort og byråkratiet går sakte. Det kan likevel vere ein fordel at byråkratiet går seint. Vi skal ikkje hoppe på første og beste løysing. Vi må vere sikre i dei grepa vi tar, for å vite at dette er ein god ide og for å vite at det ikkje fører til redusert tryggleik langs vegen. Vi kan aldri gå på akkord med tryggleiken, avsluttar Sintef-forskaren.
(©NPK)