nyhende

Sikrar skuleveg mot fallande steinar

Lokal turgåar Arild Wiersen bekymra seg over ein skuleveg kor det ofte fell ned steinar. Då kommunen fekk beskjed, kasta dei seg over det. — Vert truleg ferdig sikra neste veke, seier John Anders Semb, oppsynsmann for veg i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

— Det er ei bekymring eg har hatt når eg går tur forbi her. Det kjem stadig nye steinar som ligg nedanfor, seier Arild Wiersen.

Han held til i sentrum av Sveiobygda og har budd i kommunen sidan 2014. I løpet av den tid har han sett med eigne auge korleis ein bratt skrent nederst i ein sving i Åsvegen har smuldra.

— Det fell stein når det regnar eller frys, seier Wiersen.

Barn klatrar der

Kvar vinter og vår vert det høgsesong for små og større steinar som fell ut på gangvegen. Regnet søkk ned i sprekkane i fjellet og sprekk laus steinar når vatnet frys.

— Dette er ein veldig mykje brukt skuleveg, og så er det ein barnehage rett ovanfor også. Tenk viss nokon av dei vart trefte, seier han.

Då han viser med handa kor laust det kan vera, får han enkelt ein stor stein til å rasa ut.

— Det ligg mykje laust der oppe, seier han og peikar nokre meter opp i skrenten.

Frå før ligg det mykje steinar av forskjellig storleik i grøfta langs vegen.

— Naboar eg har snakka med har sett barn klatra her etter skulen, seier han.

Wiersen håpa at kommunen kunne gjera noko med saka i nærmaste framtid. Han trong ikkje å venta særleg lenge.

Løyve frå øvste hold

To timar etter kommunen fekk melding om dei lause steinane, tok kommunen sin oppsynsmann for veg kontakt for å vita nøyaktig kvar i Åsvegen det var.

— Me må prosjektera litt korleis me skal ordna det, men skal byrja om nokre dagar, sa John Anders Semb til avisa då.

Åtte dagar seinare hadde arbeidet byrja. Framfor gravemaskina på staden fortel han kva som skal skje.

— Eg må fjerna all vegetasjon der det er bratt, og saga trea før eg kan byrja på sjølve fjellreinskinga, seier Semb.

Han samd i vurderinga til Wiersen av kor steinane er lausast, og ikkje minst kvifor det held fram å rasa ut.

— Vatnet kjem seg lett ned og sprekk det opp, seier Semb.

Ekstratiltak

Oppsynsmannen var glad for at dei fekk beskjed.

— Me har hatt dette på blokka lenge. No fekk me gehør frå øvste hold for å prioritera det, så det er godt å få teke tak i, seier Semb.

Når dei først var i gong ville kommunen også gjera noko med overgrodde hekkar lengre opp i svingen.

— Me har byrja eit lite stykke ovanfor og skal fjerna buskane nedover, seier han.

Det har tidlegare skapt dårleg sikt i svingen og gjort naudsynt arbeid vanskeleg.

— Då har det til dømes vore vanskeleg å brøyta der, seier Semb.

Ros for rask respons

Kommunen planlegg å legga ny jord på den tidlegare hekken og så engsoleiefrø, slik at det held seg nede.

— Då kjem det masse fine blomar, og det vert ein mykje tryggare skuleveg for barna. Særleg når me brøyter om vinteren, seier Semb.

Han trur arbeidet vert ferdig i løpet av neste veke. Tipsar Arild Wiersen gjev ros til å ha vorte teken på alvor og den raske responsen.

— Eg vil skryta av kommunen for at dei tek tak i dette så raskt. Og eg trur ikkje eg er den einaste som synest dei har vore raske i å handla, seier han.

Vinkar til gravemaskina

Dagens økt vart avbroten grunna brot på ein vassleidning på Krossleite som måtte fiksast. Då må oppsynsmannen koma tilbake på eit passande tidspunkt.

Sidan det er ein skuleveg, og har ein barnehage i nærleiken, tek dei omsyn til når dei held på.

— Me må jobba når dei er på skulen, så me har eit visst tidsrom å operera i, seier han.

Både lastebil og gravemaskin står synleg føre den kommunale barnehagen, og oppsynsmannen seier han har vorte lagt merke til.

— Dei vinkar til gravemaskina og eg vinkar tilbake, humrar han.

Powered by Labrador CMS